Bleikmarihand
Bleikmarihand | |||
Status i verda: Livskraftig | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. maculata | ||
Underartar | |||
| |||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza maculata
(Linné) Soó
| |||
Økologi | |||
Habitat: | skog, myr, fjell | ||
Utbreiing: | nord i Eurasia |
Bleikmarihand (Dactylorhiza maculata) er ei plante i orkidéfamilien (marihandfamilien).[1] Ho er utbreidd i fjellregionar i mykje av Europa, men er sjeldan i søraust. Ein finn henne også i Algerie, Marokko, Sibir, Mongolia og Xinjiang i Kina.[2]
Orkideen veks hovudsakleg i sur jord på hei, i graslandskap og i fuktig skog.[2] Han kan ha blad med eller utan flekkar.[2]
Systematikk
endreBleikmarihand høyrer til slekta Dactylorhiza, på norsk marihandslekta. Namnet bleikmarihand er ganske nytt og førebels lite innarbeidd. Namnet er ein konsekvens av at Artsdatabanken prinsipielt bruker separate namn på ulike taksonomiske nivå. Ettersom namna på dei to underartane flekkmarihand og skogmarihand er så godt innarbeidde, har ein vald å gi eit nytt namn til artsnivået.[3]
Underartane i Noreg er:[3]
- flekkmarihand (nominatunderarten D. maculata ssp. maculata)
- skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii)
Plants of the World Online (Kew) og WFO – The World Flora Online godkjenner seks underartar:[2][4]
- Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii (Druce) Hyl. – i det meste av utbreiingsområdet
- Dactylorhiza maculata subsp. maculata – i det meste av utbreiingsområdet
- Dactylorhiza maculata subsp. maurusia (Emb. & Maire) Soó – Marokko, Algerie
- Dactylorhiza maculata subsp. saccifera (Brongn.) Diklic – Sørlege Europa
- Dactylorhiza maculata subsp. sooana Borsos ex Batoušek – Tsjekkia, Slovakia
- Dactylorhiza maculata nothosubsp. transiens (Druce) M.H.J.van der Meer – Vestlege Europa
I somme klassifiseringar, mellom anna i Finland,[5] på Dei britiske øyane,[6][7] i Baltikum[8][9][10] og i Benelux[11][12][13][14] er dei to underartane rekna som separate artar.
Utbreiing
endreI Norsk raudliste for artar (2021) er bleikmarihand vurdert som livskraftig (LC).[15]
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn fläcknycklar),[16] i Danmark (LC, dansk namn plettet gøgeurt),[17] på Færøyane (vanligt, færøysk namn tjaldursbørkubóndi),[18][19] på Island (LC, islandsk namn brönugrös).[20][21] I Finland, der flekkmarihand og skogmarihand blir rekna som eigne artar, blir dei samla omtalt som maariankämmekkäryhmä («flekkmarihandgruppa»).[5]
Referansar
endre- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar bleikmarihand». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2022.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «Dactylorhiza maculata (L.) Soó | Plants of the World Online | Kew Science», Plants of the World Online (på engelsk), henta 13. mars 2023
- ↑ 3,0 3,1 «Artsdatabanken: Namnetre bleikmarihand». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2022.
- ↑ «Dactylorhiza maculata (L.) Soó», World Flora Online, henta 29. februar 2024
- ↑ 5,0 5,1 «LAJI: Dactylorhiza maculata-ryhmä». LAJI.FI. Henta 30. august 2023.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «eElurikkus: Species» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 20. juli 2024.
- ↑ «Latvijas daba: Šīs dzimtas sugas» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 7. februar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 46-51. ISBN 9986-662-28-1. Henta 7. februar 2023.
- ↑ «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Raudlista: Bleikmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 22. februar 2022.
- ↑ «Artfakta: Dactylorhiza maculata fläcknycklar». Artdatabanken. Henta 20. juli 2024.
- ↑ «Naturbasen: Plettet Gøgeurt Dactylorhiza maculata». Naturbasen. Henta 7. mars 2022.
- ↑ Manna Maria Fosaa mfl. (2005). «Reyðlisti. Náttúrulýsing lendi og sløg» (PDF). Føroya Náttúrugripasavn.
- ↑ Føroya náttúra. Lívfrøðiligt margfeldi. Tórshavn: Føroya Skúlabókagrunnur. 2006. s. 223. ISBN 99918-0-407-2.
- ↑ «Brönugrös (Dactylorhiza maculata)». Náttúrufræðistofnun Íslands. Henta 20. juli 2024.
- ↑ «Dactylorhiza maculata». Global Biodiversity Information Facility. Henta 7. mars 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) bleikmarihand hos Artsdatabanken
- (en) bleikmarihand i Encyclopedia of Life
- (en) bleikmarihand i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) bleikmarihand hos Dyntaxa
- (en) bleikmarihand hos ITIS
- (en) bleikmarihand hos NCBI
- (en) bleikmarihand hos The International Plant Names Index
- (en) bleikmarihand hos Tropicos
- (en) Kategori:Dactylorhiza maculata – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Dactylorhiza maculata – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Dactylorhiza maculata – detaljert informasjon på Wikispecies