Bjerknessenteret
Bjerknessenteret for klimaforskning (BCCR) er eit internasjonalt klimaforskingssenter i Bergen. Senteret har fire partnarar: Havforskingsinstituttet (HI), Nansensenteret (NERSC), Universitetet i Bergen (UiB) og Norce (tidlegare Uni Research). Bjerknessenteret for klimaforsking har hatt status som Senter for fremragende forskning (2002–11), ei ordning opretta av Norges forskningsråd for å byggje norske forskingsinstitusjonar til høgaste internasjonale nivå.
Om senteret
endreBjerknessenteret er det største naturvitskaplege klimasenteret i Norden.[1] Senteret har særleg fokus på høge breiddegrader og formidlar kunnskap om klimaendringar for forskarar, politikarar, industri og publikum – fordelt på fire hovudområder: globalt klima, klimafarar, polarklima og karbonsystemet.[2]
Den vitskaplege staben består av meir enn 200 forskarar og studentar frå over 30 nasjonar. Forskarane er rekruttert frå fleire fagområde, med forankring i meteorologi, oseanografi, geologi, fysikk og matematikk. Samarbeid på tvers av faggrenser og forvaltningsnivå står sentralt i organisasjonen.
Bjerknessenteret var ei av fire grupper i Europa som leverte globale klimascenarioer til første del av den fjerde klimarapporten til FNs klimapanel (Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC), lansert i februar 2007). Åtte forskarar ved senteret medverka til skrivinga av denne rapporten. FNs klimapanel vart tildelt Nobels fredspris hausten same år.
Senteret vart i 2013 tildelt Christieprisen, utdelt av Universitetet i Bergen til mottakarar som har «bidratt til å fremme eller synliggjøre universitetets sentrale rolle i samfunnsutviklingen».
Leiing
endreDirektør ved Bjerknessenteret er forskar Kikki Kleiven ved Universitetet i Bergen.
Kjelder
endre- ↑ «Han gjorde Bergen til hovudstad for klimaforsking», pahoyden.no (på norsk), 6. mars 2017, arkivert frå originalen 15. august 2020, henta 4. oktober 2019
- ↑ «Bjerknessenteret for klimaforskning», Bjerknessenteret for klimaforskning (på norsk bokmål), henta 4. oktober 2019
Bakgrunnsstoff
endre- Bjerknessenteret for klimaforskning (BCCR)
- Havforskningsinstituttet (HI)
- Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC); Fjerde hovedrapport (AR4) (på engelsk); Oppsummering av fjerde hovedrapport (på norsk)
- Nansensenter for miljø og fjernmåling (NERSC)
- Norges forskningsråd
- Universitetet i Bergen (UiB)
- NORCE Research Centre