[go: up one dir, main page]

Bergsland-Ruong-rettskrivinga

Bergsland–Ruong-rettskrivinga var ei rettskriving for nordsamisk som var i bruk frå 1948 til 1978 i Noreg og Sverige.

Bakgrunn

endre

Ifølgje Bergsland si eiga framstilling[1] kom «spørsmålet om ny samisk rettskrivning» opp i samband med Margrethe Wiig si ABC-bok, som ifølgje Bergsland «visstnok» alt frå byrjinga var laga med tanke på svensk-norsk samarbeid, og det var «en selvfølge at Konrad Nielsens skrivemåte skulle legges til grunn», berre med mindre endringar (v for w, e for ĕ).

Frå svensk side (Björn Collinder, Harald Grundström og Israel Ruong) kom det 8. august 1947 kommentarar som ville innebere drastiske endringar for Nielsen sin ortografi, m.a. fjerning av grad III i stadievekslinga (x'x) og skilnaden mellom a og â. Også andre delar av stadievekslinga vart framstilt utan aksentar. Dette svaret starta prosessen som førte til det endelege versjonen av rettskrivinga 13. november 1947.

Den nye ekspedisjonssjefen i Kyrkje- og undervisningsdepartementet Einar Boyesen tok initiativ til eit møte for å drøfte tiltak for opplæring og utdanning av samar i Noreg og Sverige. Møtet[2] vart halde 29. august 1947 i Tromsø og vedtok å oppfordre Bergsland og Ruong til å utarbeide ei felles rettskriving for samisk i Noreg og Sverige.

Bergsland og Ruong utarbeidde i lag med Collinder eit kompromissvedtak allereie tre dagar seinare, den 1. september. Framlegget var mykje godt basert på det svenske framlegget. Fire dagar seinare hadde Bergsland og Collinder eit møte med den nett avtroppa professor Konrad Nielsen i Oslo. Collinder var på veg til USA som gjesteførelesar, men stoppa altså i Oslo på vegen. Nielsen fekk dei andre med på å halde på både stadiemerket og distinksjonen mellom dei to a-ane. Bergsland fekk likevel gjennom at den korte («dunkle») a-en, som er langt vanlegare i tekst enn den lange, skulle vere den umarkerte, og distinksjonen vart skrive á vs. a i staden for a vs. â, som det vart gjort i Konrad Nielsen-rettskrivinga. På ein del andre punkt, t.d. omlegging av konsonantsystemet til nærare moderne uttale (frå buoreb : buorebut («betre» sg : pl) til uttalenær buoret : buorebut, gav Nielsen seg, «meget motstrebende» i følgje Bergsland. Ruong og Bergsland sende deretter utkastet til Samordningsnemnda for skoleverket. Kyrkje- og undervisningsdepartementet skreiv 4. januar 1951 at samiske lærebøker frå då av skulle vere i samsvar med utkastet frå 13. november 1947. Den første læreboka som kom ut med den nye rettskrivinga var Margrethe Wiig si ABC-bok same år.

Trekk ved Bergsland-Ruong-rettskrivinga

endre

Nordsamisk blir presentert med hjelp av BergslandRuong-rettskrivinga i to sentrale publikasjonar, Samisk grammatikk av Knut Bergsland (1961) og Norsk-samisk ordbok av Thor Frette (1975). Framstillinga i dette avsnittet byggjer på Bergsland 1961 s. 2ff.

Vokalar

endre

Bergsland-Ruong-rettskrivinga hadde vokalane a, á, e, o, i, u, y, æ, ø, å. Av desse var vokalane y, ø berre i bruk i lånord (fylkesmán'ni, støppet (støype med sement)). Vokalane a, á representerte som i dagens rettskriving lydane [ɑ, æ] i austlege dialektar og [a:, a] i vestlege dialektar.

For dei andre vokalane er lydverdien avhengig av stavingsstrukturen:

Vokal 1., 3., .. staving 2., 4., .. staving
i kort eller lang lang
e kort foran konsonantar med merket ' lang
o berre i diftongen oa lang [u]
u [u, u:] [u, ʉ, o]
æ [ea] (finst ikkje)
å [o, o:] (finst ikkje)

Nordsamisk har fire diftongar, dei blir i denne rettskrivinga skrive ie, uo, oa, æ [ea].

Konsonantar

endre

Desse konsonantane har alltid same lydverdi:

c = [ts], č = [tʃ], đ = [ð], f = [f], h = [h], ɳ = [ŋ], r = [r], s = [s], š = [ʃ], ŧ = [θ]

Desse konsonantane blir uttalt ulikt i ulike posisjonar i ordet:

Kons. I spesielle kontekstar I spesielle kontekstar I andre kontekstar
b attmed ': [b] mellom vokalar [v] Elles uaspirert [p]
d attmed ': [d] mellom vokalar [d] Elles uaspirert [t]
g attmed ': [g] mellom vokalar [ɣ] (g) Elles uaspirert [k]
p i framlyd [p] - Elles [hp]
t i framlyd [t] - Elles [ht]
k i framlyd [k] - Elles [hk]
v mellom vokal og konsonant [w] - Elles v
z attmed ': [ds] - Elles [ts]]
ž attmed ': [dʃ] - Elles [tʃ]]

Viss konsonantar inngår i konsonantgrupper med spesiell uttale: dj blir uttalt som lang [], lj og nj som palatal [ʎ, ɲ]. hj blir uttalt bortimot som palatal frikativ [ç]. Sonorantar med h foran markerer ustemt lyd: hl, hm, hn, hr = [l̥, m̥, n̥, r̥].

Stadieveksling

endre

På same måten som Konrad Nielsen-rettskrivinga viser BergslandRuong-rettskrivinga alle tre gradane i stadievekslinga, Grad III blir markert med det såkalla stadiemerket, både for sonorant + plosiv, som i ái'gi : áigi «tid» Nom:Gen (der dagens rettskriving har áigi : áiggi), og for lange konsonantar, som i oab'bá : oabbát («søster : søstre»). Denne siste distinksjonen blir ikkje gjort i den nye rettskrivinga.

Kvalitativ stadieveksling:

endre

Oversynet viser sterkt stadium - svakt stadium, og døma er henta frå Bergsland 1962.

  • pp - b: cáppat «å karve», čában «eg karvar»
  • tt - đ: gietta «hand», gieđas «i handa»
  • kk - g: jåkka «elv», jågas «i elva»

Stemt-ustemt geminat:

  • b'b - bb: oab'bá «søster», oabbát «søstre» (jf. 1979-rettskr: oabbá - oappá)

Kvantitativ stadieveksling

endre
  • p'p - pp: oap'pat «å lære», oappan «eg lærer»


Finale konsonantar

endre

I Friis si framstilling av nordsamisk grammatikk (1856) var det finale konsonantar p, t, k, m, t.d. lokkat, logam, logak, lokkap, lokkek for «å lese, eg les, du les, vi les, dei les». Dei same konsonantane finn vi hos Konrad Nielsen (1926, s. 147). Språkhistorisk representerer dette eit eldre steg i nordsamisk, som framleis finst i lulesamisk og i dei sørlegaste dialektane av nordsamisk. Den første nordsamiske rettskrivinga i Noreg, Leem si rettskriving, bygde på Porsanger-dialekten, og hadde dette systemet. I Kautokeinodialekten har final p, t, k falle saman i t, og final n, m har falle saman i n. Den første rettskrivinga for nordsamisk som bryt med dei konservative dialektane og går over til Kautokeinosystemet er nettop Bergsland-Ruong-rettskrivinga.

Eksempel

endre

For ei samanlikning av same tekst skrive med Bergsland-Ruong-rettskrivinga og andre nordsamiske rettskrivingar, sjå Nordsamisk rettskriving.

BergslandRuong-rettskrivinga i bruk

endre

Rettskrivinga var i bruk i den siste fasen av den aktive fornorskingspolitikken i Noreg, og berre omtrent 100 bøker vart publisert i Noreg med denne rettskrivinga[3].

Då rettskrivinga vart innført, gjekk Nuorttanaste straks over frå Friis-rettskrivinga til den nye rettskrivinga. Etter klagar frå lesarane gjekk bladet likevel attende til den gamle rettskrivinga.

Avisa Ságat gjekk også over til den nye rettskrivinga. I ei fråsegn til Kulturavdelinga i Kyrkje- og undervisningsdepartementet den 3. juni 1958[4] skriv Asbjørn Nesheim at Komiteen til å utrede samespørsmål, der han sjølv var formann, gjekk inn for at Ságat skulle få 20000 kr i årleg statsstøtte for å kompensere for låge abonnementstal. Det låge talet hang i følgje Nesheim saman med at Ságat har gått over til Bergsland-Ruong-rettskrivinga. Han skriv: «For en stor del av den samiske befolkningen, og særlig for de eldre samer, virker den nye rettskriningen uvant og de har visse vansker med å lese den. (...) Det er særlg bruken av «stadiemerket som har voldt vansker.» Komiteen går derfor inn for at avisa får lov til å sløyfe stadiemerket, utan omsyn til at ho blir gjeve ut med statstilskott. Nesheim presiserer at framlegget om å sløyfe stadiemerket ikkje gjeld skolebøker eller andre offisielle trykksaker.

Av dette ser vi at bruken av stadiemerket var det som særleg vart sett på som problematisk ved rettskrivinga. Dette peiker framover til diskusjonane rundt 1979-rettskrivinga, der fjerning av stadiemarket var ein av dei sentrale krava frå svensk side, slik det også hadde vore det i 1947.

Fotnotar

endre
  1. Framstillinga i dette avsnittet bygger på Bergsland 1951 s. 35ff.
  2. Jf. møtereferat frå arkivet til Skoledirektøren i Finnmark, publisert i Samisk skolehistorie band 6.
  3. Oversyn over publikasjonar på Bergsland-Ruong-rettskrivinga i Nasjonalbiblioteket
  4. St.meld. 21, 1962-63, s. 82.

Litteratur

endre