[go: up one dir, main page]

Baruch Spinoza

(Omdirigert frå Baruch de Spinoza)

Benedictus de Spinoza (24. november 163221. februar 1677) kalla Baruch Spinoza i synagogeprotokollane og kjend som Bento de Spinoza eller Bento d'Espiñoza i samfunnet han voks opp i, vert saman med René Descartes og Gottfried Wilhelm Freiherr von Leibniz rekna som ein av dei store rasjonalistane i filosofien på 1600-talet. Han er rekna som grunnleggjaren av moderne bibelkritikk.

Baruch Spinoza

Fødd24. november 1632
Amsterdam
Død21. februar 1677
Haag
NasjonalitetDei sameinte Nederlanda
Områdefilosofi, etikk, epistemologi, metafysikk
Yrkefilosof, bibelomsetjar, grinder of lenses, statsvitar, grammatikar, teolog
MedlemCollegiants

Bakgrunn

endre

Baruch de Spinoza vart fødd i Amsterdam i ein spansk-portugisisk sefardisk familie og vart kjend for syna sine på panteisme og nøytral monisme, og dessutan av di Etikken hans er skriven i form av postulat og definisjonar som om det var ei geometriutgreiing. Sommaren 1656 vart han bannlyst av det jødiske samfunnet for påstandane sine om at Gud er mekanismen av naturen og universet og at Bibelen er eit metaforisk og allegorisk verk som vert bruka til å undervise om Guds natur. Begge desse påstandane er baserte på ei form for kartesianisme. Etter bannlysinga tok han i bruk førenamnet Benedictus – den latinske forma av det hebraiske namnet Baruch og det spansk-portugisiske namnet Bento.

Filosofi

endre

Filosofien åt Spinoza har mykje til felles med stoisismen, men han skilde seg skarpt ut frå stoikarane i ein ting: Han nekta plent på synet deira at fornuft kunne vinne over kjensler. Tvert imot, hevda han, kan ei kjensle berre overvinnast av ei sterkare kjensle. For han stod det avgjerande skiljet mellom aktive og passive kjensler – der dei aktive kjenslene er dei ein rasjonelt sett forstår og dei passive kjenslene dei ein ikkje rasjonelt forstår.

Spinoza, som mellom anna er vorten kalla «den største kristne» (!) og «den største ateisten», hevda at «Gud» og «Naturen» er to namn for den same verkelegheita, nemleg den usamansette substansen som ligg under universet og som alle mindre entitetar berre er modus eller modifikasjonar av. Han hevda at Deus sive Natura («‘Gud’, eller ‘Naturen’») er eit vesen med uendeleg mange eigenskapar, og at utbreiing og tanke var to av desse. Hans skildring av eksistensen sin natur kan seiast å handsame dei fysiske og mentale universa som to ulike og parallelle underunivers som verken overlappar eller samhandlar med kvarandre. Denne formuleringa er ei historisk signifikant panpsykisk løysing på kropp og sjel-problemet som er kjend som nøytral monisme.

Spinoza var ein gjennomgåande determinist som meinte at absolutt alt som hender skjer som resultat av nødvendigheit. For han er menneskeleg framferd heilt ut regelbunden, og fridom er å forstå at vi er regelbundne og å forstå kvifor vi fer fram som vi gjer. Fridom er altså ikkje moglegheita til å seie «nei» til det som skjer med oss, men moglegheita til å seie «ja» og å fullt ut forstå kvifor ting lyt skje på det viset.

Spinoza avstod frå å gjeva ut verka sine etter reaksjonane på Teologisk-politisk utgreiing ikkje fall heldige ut for han og hans variant av kartesianismen. Etikken vart utgjeven etter at han døydde – som del av Opera postuma, redigert av venene hans.

Eit portrett av Spinoza fanst på den gamle 1000-gylden-seddelen, som var gyldig valuta i Nederland fram til euroen vart innført i 2002.

Bibliografi

endre

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre