[go: up one dir, main page]

BBC Four er ein fjernsynskanal frå BBC som sender digitalt til heile Storbritannia. Kanalen erstatta den gamle BBC Knowledge saman med CBeebies den 2. mars 2002. Programma som blir viste er varierte, med mellom anna dramaseriar, dokumentarseriar, musikkprogram, filmar, komediar og aktuelle hendingar. Kanalen har berre 1,8 prosent sjåarar samanlikna med tala til BBC One. Kanalen har derfor ikkje eit høgt budsjett, og viser mykje reprisar.

BBC Four

Lansert2002
Eigd avBritish Broadcasting Corporation
LandStorbritannia
HovudkontorLondon
Nettstadhttps://www.bbc.co.uk/bbcfour/

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
Spire  Denne underhaldningsartikkelen som har med BBC å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.