Aurangzeb
Muhi al-Din Muhammad (1618–3. mars 1707), kjend som Aurangzeb, var den sjette stormogulen. Han styrte Mogulriket frå 1658 til han døydde i 1707. I hans tid var riket på sitt største og mektigaste, ettersom han rådde over nesten heile det indiske subkontinentet.
Aurangzeb | |||
| |||
Fødd | 3. november 1618 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dahod(Gadi Fort) | ||
Død | 3. mars 1707 | ||
Dødsstad | Ahmednagar | ||
Gravstad | Tomb of Aurangzeb | ||
Gift med | Dilras Banu Begum, Nawab Bai, Aurangabadi Mahal, Udaipuri Mahal | ||
Dynasti | Mughal dynasty | ||
Far | Shah Jahan | ||
Mor | Mumtaz Mahal | ||
Born | Sultan Muhammad Akbar, Zeb-un-Nisa, Mehr-un-Nissa, Muhammad Azam Shah, Zinat-un-Nissa, Muhammad Sultan of Mughal, Alam I, Zubdat-un-Nissa, Muhammad Kam Bakhsh, Badr-un-Nissa Begum |
Aurangzeb tok makta frå far sin, Shah Jahan, og fekk myrda dei eldre brørne sine. Gjennom krigar la han under seg afghanarane og mahrattane og erobra Golkonda på Deccanplatået. Overfor europearane førte han ei varsam linje, la seg ikkje imot korkje den eine eller den andre av dei framande maktene.
På sitt vis var Aurangzeb ein strengt rettferdig herskar. Hindutempel vart brent ned og hinduar som nekta konvertere drepne, sikhar og hinduar grovt utnytta økonomisk. På den andre sida vart konvertittar lønna med privilegium og storfelte gåver. Såleis hadde fleire hinduar leiande stillingar i riksstyringa og i det militære, til dømes ein hærsjef, to leiarar av stats-finansane og meir ein hundre høgre embetsmenn ved domstolane.
Aurangzeb var ein fanatisk muslim. For å etterleve sharia stansa han all framstilling av ikkje-abstrakt kunst og gav soldatar og folk løyve til å gå laus på arkitektoniske framsyningar av ansikt, også slike som fanst i muslimske palass. Tusenvis av maleri og statuer vart øydelagde.
Dei siste 26 åra av livet førte Aurangzeb krig utan stans. Dette svekka riket, som braut saman etter heller kort tid.
Kjelder
endre- Aurangzeb i Store norske leksikon
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |