[go: up one dir, main page]

Amor var ein romersk kjærleiksgud som hadde stor likskap med den greske kjærleiksguden Eros.

Afrodite og Eros. Romersk marmorstatue frå fyrste hundreåret av vår tidsrekning, kopiert etter ein gresk statue som er gått tapt.

I både gamal og nyare kunst vart Amor gjerne framstilt som ein lubben, liten gut, ofte med vengar, og med pil og boge i handa, for han hadde evna til å kveikje den erotiske attråen i folk ved å skyte kjærleikens pilar i hjarta på dei.

Eit anna namn for guden Amor var Cupido.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Amor
Spire  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.