[go: up one dir, main page]

Alexander Dale Oen

norsk symjar
(Omdirigert frå Aleksander Dale Oen)

Alexander Dale Oen (21. mai 198530. april 2012)[1] var ein norsk symjar. Han representerte klubben Vestkantsvømmerne, ein symjeklubb for Bergensområdet, og Bærumsvømmerne, ein symjeklubb i Bærum.

Alexander Dale Oen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. mai 1985
Øygarden kommune
Død 30. april 2012 (26 år)
Flagstaff
Idrett svømming
Tok del i Sommar-OL 2004, Svømming under Sommer-OL 2008 – 100 meter brystsvømming herrer
Utmerkingar Aftenpostens Gullmedalje, Sportsjournalistenes statuett

Karriere

endre

Alexander fekk det internasjonale gjennombrotet sitt i 2005, med sjuandeplass på 100 meter bryst i langbane-VM.

Under kortbane-EM i desember 2005 sette Oen nordisk rekord på 100 meter bryst med tida 59,05. Dermed blei han første nordmannen som sumde distansen på under eitt minutt. Tida gav han fjerdeplass på distansen. Oen tok gull på 100 meter bryst i EM 2008. Det var den første gullmedaljen i EM for ein norsk herresymjar. 11. august 2008 tok Oen sølv på same distanse under OL i Beijing. I semifinalen sette Oen ny norsk og olympisk rekord med tida 59,16, då berre 3 hundredelar bak verdsrekorden. Under finalen sette derimot Kosuke Kitajima både ny verdsrekord og olympisk rekord med tida 58,91.

I 2011 vart Alexander Dale Oen tildelt Aftenpostens gullmedalje.[2] 3. juni 2014 fekk ein ny symjehall på Nygårdstangen i Bergen namnet Alexander Dale Oen Arena, oppkalla etter Dale Oen.[3][4]

Byrjinga

endre

Oen sumde sine første tak i kulturhuset på øya Rong i Øygarden. Han trena i den lokale symjeklubben der til den blei lagt ned i 1995. Han begynte å symje for Øygarden Symjeklubb då han var fire år gammel. Frå 1995 representerte han Vestkantsvømmerne, med klubben sin grunnleggjar Tore Arne Hestholm som trenar. Det var lang reisetid til trening, og han flytta som 16-åring til Laksevåg for å kunne kombinere trening og vidaregåande skule. Han melde overgang til Bærumssvømmerne i 2011.[5]

Merittar

endre

Internasjonale merittar

endre
PLASSERING GREIN MEISTARSKAP BASSENG
2. plass 100 bryst Sommar-OL 2008 Kina  Beijing, Kina
2. plass 50 bryst EM langbane 2008 Nederland  Eindhoven, Nederland
1. plass 100 bryst EM langbane 2008 Nederland  Eindhoven, Nederland
2. plass 200 bryst EM langbane 2008 Nederland  Eindhoven, Nederland
2. plass 100 bryst EM langbane 2006 Ungarn  Budapest, Ungarn
3. plass 100 bryst VM kortbane 2006 Kina  Shanghai, Kina
3. plass 100 bryst EM kortbane 2006   Helsingfors, Finland
7. plass 100 bryst VM langbane 2005   Montreal, Canada
4. plass 100 bryst EM kortbane 2005 Italia  Trieste, Italia
6. plass 50 bryst EM kortbane 2005 Italia  Trieste, Italia
2. plass 50 bryst EMjr langbane 2003 Storbritannia  Glasgow, Storbritannia
8. plass 100 bryst VM langbane 2007 Storbritannia  Melbourne, Australia

Rekordar

endre

Kortbane

endre
REKORD GREIN TID DATO BASSENG
Norsk rekord 100 bryst 59.05 09. desember 2005 Italia  Trieste, Italia
Nordisk rekord 100 bryst 58.14 10. april 2008 Storbritannia  Manchester, Storbritannia
Norsk rekord 50 bryst 27.22 10. desember 2005 Italia  Trieste, Italia
Norsk rekord 200 bryst 2:08.28 16. desember 2007 Ungarn  Debrecen, Ungarn
Norsk juniorrekord 50 bryst 28.50 13. desember 2003 Irland  Dublin, Irland
Norsk juniorrekord 100 bryst 1:03.31 11. desember 2003 Irland  Dublin, Irland
Norsk juniorrekord 200 bryst 2:15.54 14. desember 2003 Irland  Dublin, Irland

Langbane

endre
REKORD GREIN TID DATO BASSENG
Olympisk rekord 100 bryst 59.16 10. august 2008 Kina  Beijing i Kina
Nordisk rekord 50 bryst 27.53 23. mars 2008 Nederland  Eindhoven i Nederland
Europeisk rekord 100 bryst 59.16 10. august 2008 Kina  Beijing i Kina
Nordisk rekord 200 bryst 2:09.74 21. mars 2008 Nederland  Eindhoven i Nederland
Norsk juniorrekord 50 bryst 29.17 2. august 2003 Storbritannia  Glasgow i Storbritannia
Norsk juniorrekord 100 bryst 1:02.53 1. august 2003 Storbritannia  Glasgow i Storbritannia

Kjelder

endre

Sjå òg

endre