[go: up one dir, main page]

Adrenalin

kjemisk sambinding

Adrenalin er eit hormon som blir produsert i margen i binyrene, ved sida av nyrene.

Adrenalin er eit hormon som har verknader på mange av organsystema i kroppen. Det gjer at mange av blodårene trekkjer seg saman, men det opnar opp for blodårene rundt hjarta og i arbeidande musklar, og det gjer at hjarta slår fortare.

Verknader som adrenalin har er at kroppssansane blir konsentrerte og levra slepper ut meir sukker ifrå sukkerlageret. Slik gjer det kroppen klar til rask, valdsam innsats når han føler det på seg at det er ein faresituasjon.

Nokre menneske nyttar adrenalin som rus ved å aktivt oppsøkja farlege situasjonar der adrenalin blir utløyst i kroppen. Dei blir kalla adrenalin-junkies.

Adrenalin kan hjelpe ein i faresituasjonar av di ein bli sterkare og kjappare, får overlevningsinstinkt og skjerpar merksemda. m.a. utvidar pupillane seg så meir lys kjem inn. Ein byrjar òg å sveitte.

Kjelder

endre