Ørja
Ørja er ei øy i Senja kommune i Troms. Øya ligg i Andfjorden, sørvest for Grunnfarnes på Senja. Ørja har eit areal på om lag 0,5 km², og det høgaste punktet på øya er 107 moh.
Ørja var tidlegare fiskevær, med busetnad i mange hundre år. Størst var aktiviteten rundt 1900, då det budde 21 menneske på øya. Sidan 1919 har derimot øya vore fråflytta.
Bakgrunnsstoff
endre- Torsken kommune: Holmenvær og Ørja Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Søndre Senniens Budstikke: Ørja - korfør heite den det?Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.