Øyvind Leonhardsen
Øyvind Leonhardsen (fødd 17. august 1970) er ein norsk, tidlegare fotballspelar frå Kristiansund. Han vart seriemeister med Rosenborg i 1992, 1993 og 1994, samt cupmeister i 1992. Leonhardsen spela i alle år på midtbana, og var kjend som ein spelar med stor løpskapasitet.
Øyvind Leonhardsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. august 1970 (54 år) Kristiansund kommune |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1994, VM i fotball 1998 |
Utmerkingar | Kniksenprisen for årets midtbanespiller, Kniksenprisen for årets midtbanespiller |
Han spela på fotballklubbane Clausenengen (1987-88), Molde (1989-91), Rosenborg (1992-94), Wimbledon (1994-97), Liverpool (1997-99, Tottenham (1999-2002), Aston Villa (2002-03), Lyn Oslo (2004-05) og Strømsgodset (2006-07).
Leonhardsen vart i oktober 1900 teken ut i den fyrste troppen Egil Olsen valde ut som landslagstrenar. Leonhardsen fekk spele kampen mot Kamerun på Bislett, ein kamp som enda med norsk siger 6-1. Fram til 2002 hadde han nærast fast plass Noregs landslag. Han var med Noregs tropp til VM i fotball 1994 og 1998, og til EM i fotball 2000. Til saman spela han 86 landskampar og skåra 19 mål for Noreg.
Leonhardsen vart kåra til 'Årets norske fotballspelar' i 1994.
Han er i 2012 busett i Sandefjord.
Merittar
endre- Seriemeister: 1992, 1993, 1994 med Rosenborg BK
- Noregsmeister: 1992 med Rosenborg BK
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Øyvind Leonhardsen» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juli 2012.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |