Vozja
Utsjånad
Vozja | |||
elv | |||
Vozja i nærleiken Rybnoje
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Lengd | 103 km | ||
Kjelde | Nøær landsbyen Istok Furmakino | ||
• høgd | 155 moh. | ||
Munning | Oka | ||
• høgd | 93 moh. | ||
Vozja 54°43′00″N 39°26′39″E / 54.7167°N 39.4442°E | |||
Wikimedia Commons: Vozha River |
Vozja (russisk Вожа) er ei elv i Rjazan i Russland og ei av sideelvane til Oka frå høgre. Ho er 103 km lang og har ei gjennomsnittleg helling på 0,275 meter per kilometer.
Ho spring ut frå nokre kunstige innsjøar i nærleiken av den kollektive garden Komsomolsk, først nordaustover og etter kvart austover. Ho munnar ut i Oka ovanfor Rjazan, 93 meter over havet.
Av sideelvar finn ein Palnaja, Brovka, Metsja og Serenka.
Byen Rybnoje ligg ved Vozja.
Ved Vozja og sideelva Metsja sigra den moskovittiske fyrsten Dmitrij Donskoj ein mongolsk hær i slaget ved Vozja i august 1378
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Вожа» frå Wikipedia på russisk, den 22. oktober 2008.