Urt
Utsjånad
(Omdirigert frå Urter)
Urter er følgjande:
- Planter som produserer ein stengel som ikkje er vedaktig, og som døyr tilbake etter endt vekstsesong. Omgrepet «urteaktig» vert brukt om plantedelar utan vedaktig stengel og om unge planteskot der stengelen enda ikkje har blitt vedaktig.
- Planter (urter) som blir brukte i matlaginga på grunn av sin spesielle aroma, sjå krydderurter.
- Planter som blir dyrka på grunn av sine lækjande eller lindrande eigenskapar, sjå medisinske urter.
Statens legemiddelverk klassifiserer alle urter som lækjemiddel, med unntak av dei som blir klassifisert som handelsvare i den såkalla «urtelista» i Forskrift om lækjemiddelklassifisering. Nokre urter er reseptpliktige.