[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Ukrainsk kultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mann med kosakkhatt pynta med fargane til det ukrainske flagget, den ukrainske opprørshæren og EU-symbol under Euromaidan 2014.
Bygdearkitektur i Stare Selo friluftsmuseum

Ukrainsk kultur er den materielle og andelege overleveringa til ukrainarar som er blitt danna i løpet av ukrainsk historie. Kulturen er prega av Ukraina si stilling som eit grenseland mellom Russland i aust og Europa i vest. Ukrainarar fører gjerne historia og kulturen sin tilbake til Kievriket som oppstod på 800-talet.[1]

Sjølv om landet ofte har kjempa for å verna om sjølvstendet sitt,[2] har folket halde på dei kulturelle overleveringane sine og er stolte av den betydelege kulturelle arva si. Talrike forfattarar har bidratt til litteraturhistoria i landet, som Taras Sjevtsjenko[3] og Ivan Franko.[4] Den ukrainske kulturen har opplevd ein betydeleg gjenvokster[5] sidan landet fekk sjølvstende i 1991.

Moderne ukrainsk kultur blir rekna som ein etterfølgjar av det gamle Kievriket med sentrum i Kyiv og av Kongeriket Galicia–Volhynia. Ukrainarar reknar begge som sine historiske forløparar.[6][7] Ukrainarar deler mykje kultur og historie med nabonasjonar, som kviterussarar og russarar.

Tradisjonell husflid, broderi og bygdearkitektur er avgjerande for ukrainsk kultur. Elementa i desse verka har ofte blitt fastlagde av ressursane som var tilgjengelege på den tida. Den sterke tradisjonen i landet for folkekunst og broderi har fortsett til i dag, og ukrainsk broderi blir ofte sett på som ei kunstform i seg sjølv.

Ukrainske skikkar er sterkt påverka av ortodoks kristendom[8] og av tradisjonane frå slavisk folketru.[9] Ukrainsk kultur har hatt stor innverknad frå andre austslaviske kulturar som russisk og kviterussisk kultur. Sovjettida sameinte kulturane til mange ubeslekta nasjonar med eit felles språk og førte til at mange av dei sosialistiske republikkane tileigna seg ein felles kultur og identitet.[10]

Den ukrainske kulturen har måtta overvinna ei rekkje hindringar for å overleva og halda på originaliteten sin, sidan utanlandske makter og rike som har styrt over landet og folket der ofte implementerte politikk retta mot å assimilera den ukrainske befolkninga i si eiga befolkning, i tillegg til å prøva å utrydda og reinska element av kulturen. Til dømes utgjorde russifiseringspolitikken som fyrst byrja på 1700-talet betydelege hindringar for utviklinga av kulturen.[10]

Medan Ukraina har omfamna moderniteten, har det òg blitt verande eit svært tradisjonelt land, der det å halda på visse skikkar spelar ei sentral rolle i kulturen til landet. Mange viktige ukrainske høgtider og hendingar er baserte på den gamle julianske kalenderen og skil seg derfor frå dei gregorianske motstykka sine.[11] Desse omfattar jul og nyttår, som begge har stor tyding i ukrainsk kultur.[12]

Nasjonalsymbol

[endre | endre wikiteksten]
Menn og kvinner med vysjyvanka og ukrainske flagg under den ukrainske sjølvstendedagen i Kyiv i 2019.

Ukrainske nasjonalsymbol omfattar det ukrainske flagget med to vassrette striper i nasjonalfargane gult og blått, riksvåpenet med eit tretakka spyd og nasjonalsongen «Sjtsje ne vmerla Ukrainy». Flagget blei teke i bruk av revolusjonære i 1848 som ønskte å lausriva vestdelen av landet frå Austerrike-Ungarn. Spydet var eit gammalt symbol for Kievriket som blei teke i bruk som nasjonalsymbol då Ukraina erklærte sjølvstende i 1918.[13] Nasjonalsongen blei utvikla på 1800-talet, og blei offiselt teken i bruk som nasjonalsong i 1992.[14]

Høgtider og feiringar

[endre | endre wikiteksten]
Juleikon av hyrdingane ved krybba. Frå samlinga til Ivan Hontsjar Museum. Ukjend kunstnar, ca. 1670.

Sosiale samkome som vetsjornytsi har ei lang historie i ukrainsk kultur, og det same gjer tradisjonelle høgtidar som Ivan Kupala-dagen, maslenitsa, koljaduvannja og malanka, der folk samlar seg i store grupper.

Tradisjonelle ukrainske bryllaupsfeiringar har mange ritual som involverer musikk og dans, drikking og eting, og samlingar av folk. Bryllaupet består av tre separate delar som kan vara i dagar eller til og med veker. Først er det ei truloving, deretter ein vigselsseremoni, og så følgjer ei stor feiring. Trulovinga inneber at brudgommen går til brura sine foreldre for å forhandla om «løysepengar» eller ein brurepris han vil betala for bruda og for å be om signinga deira. Det finst mange soger i ukrainsk folkeminne om ei brur som blir stolen utan at brudgommen betaler løysepengar. Ofte er den stolne brura ein villig deltakar, og paret stikk av utan løyvet til foreldra. Eventuelt kan brura avslå eit tilbod om ekteskap, i så fall er det vanleg at foreldra møter brudgommen ved døra med eit graskar for å formidla bodskapen. Etter at dei har komme til semje, finn det offisielle bryllaupet stad i ei kyrkje, ofte i ein gruppeseremoni med andre par. Deretter følgjer ei feiring heime med heile samfunnet som deltar.[15]

Tsjernivtsi universitet

Høgare utdanning i Ukraina kan førast tilbake til Ostrozka kollegium, som blei skipa i Ostroh i 1576 som den fyrste høgare utdanningsinstitusjonen i austslaviske område.[16] Lviv universitet er det eldste univeristetet i Ukraina, skipa i 1661 som eit jesuittkollegium og gjenoppretta som universitet i 1784.[17] Det blei sett opp fleire høgare utdanningsinstitusjonar på 1800-talet, som universiteta i Kharkiv (1805), Kyiv (1834), Odesa (1865) og Tsjernivtsi (1875).[16]

Hovudspråket til ukrainarar er ukrainsk. Mange ukrainarar snakkar også russisk, og rundt 30 % har det som morsmål.[18][19] Ukrainsk utvikla seg frå gammalaustslavisk som blei tala i Kievriket, og tidlege former av det var kjende som rutensk. Det blei fyrst utvikla ei litterær form av språket på slutten av 1700-talet.[20]

Ukrainsk gresk-katolsk prosesjon

Ukrainske stammar følgde heidenske skikkar fram til kristendommen blei innført mot slutten av det fyrste tusenåret. Omvendinga til kristendommen er knytt til helgenen prinsesse Olga, som blei døypt i Konstantinopel på 950-talet. Barnebarnet hennar Vladimir den store døypte seinare folket sitt i Dnjepr.

Ortodoks, orientalsk katolsk og romersk-katolsk kristendom er dei tre viktigaste formene. Den ukrainske ortodokse kyrkja[21] er det største kyrkjesamfunnet i landet.[22] Den ukrainske gresk-katolske kyrkja er den nest største, og følgjer bysantinske ritar, men er ei særkyrkje innan den katolske kyrkja.[23] I tillegg finst det etniske minoritetar som har andre religionar, som muslimske krimtatarar og jødar som følgjer ulike tradisjonar, mellom anna karaisme.

Etter at Sovjetunionen fall har det vore ein auke i protestantiske kyrkjelydar blant ukrainarar. Rodnovery, ein nyheidensk slavisk religion, har også vokse.[24]

Ukrainsk borsj med smetana

Mat er ein viktig del av ukrainsk kultur. Det finst særskilde mattypar ein har til jul og påske. Til jul kan ein til dømes laga kutja, ein blanding av semulegryn, valmuefrø, honning, og ulike søte brød.

Eit typisk ukrainsk kosthald kan omfatta fisk, ost og ulike pølser. Sylte er også nokså utbreidd, og det same er pølsa kolbasa (ukrainsk Ковбаса́, Kovbasa). Brød er ein viktig del av nesten kvart måltid, og blir rekna som nødvendig for at eit måltid skal vera «fullstendig».[25] Til jul er det tradisjon å servera julemåltid med tolv rettar. Til påske lagar ein kjende pysanky, ei form for slavisk eggdekorasjon med farga og mønstra egg. Desse egga blir pynta i ein lang prosess, og blir brukte til pynt på bordet i staden for å etast.[26]

Ukrainarar kan ofte skåla for god helse og ha lange måltid med livlege samtalar. Ofte drikk dei te (chai), vin eller kaffi etterpå med ein enkel dessert, som bakverk med frukt. Populære matretter er salo, borsj,[27] Kiyv-kylling,[28] pierogi og pilaf.

Arkitektur

[endre | endre wikiteksten]
Barokkarkitektur med gullkuppel ved St. Mikaelklosteret.

Ukrainsk arkitektur gjenspeglar distinkte trekk ved den tilknytte staden og tidsperioden. Design og arkitektur er blitt påverka av det politiske og økonomiske klimaet i samtida.

Folkearkitektur

[endre | endre wikiteksten]

Ulike regionar i Ukraina har sine særeigne former for folkeleg arkitektur som byggjer på lokale tradisjonar og kunnskap overlevert gjennom generasjonar.[29] Museet for folkearkitektur og levesett i sentrale Naddnipryansjtsjyna ligg i Perejaslav. Friluftsmuseet omfattar 13 ulike særmuseum, 122 døme på nasjonal arkitektur og har over 30 000 historiske kulturelle gjenstandar.[30] Museet for dekorative verk er eit av desse, og syner dekorativt handverk i samband med ukrainsk arkitektur. Dekorasjonar bruker gamle tradisjonelle designmønster.[31]

Ornamentikk og biletkunst

[endre | endre wikiteksten]
Julekort av Jacques Hnizdovsky

Ved spesielle høve blir alle aspekt av det vanlege livet forvandla til dekorativ kunstform for kunstnarisk uttrykk. Ornament- og designmotiv er gjennomsyra av symbolisme, religiøse ritual og tyding.[32] Frå illuminerte manuskript som Peresopnytske-evangelia[33] til dekorerte pysanky og vytynanky kan ein finna intrikate detaljar med gammal tyding. Mykje munnleg historie gjekk tapt i løpet av dei 300 åra då russifiseringa av Ukraina fann stad, og ukrainsk kultur og språk var forbodne.[34] Organisasjonar som Ivan Honchar Museum, Pysanka Museum og Det ukrainske museet er skipa for å ta vare på historia. Ulike delar av Ukraina har sine eigne ornamentikktradisjonar med sine eigne variasjonar av stil og tyding. Ein kan finna døme i Petrykivka- måling, ornamental arkitektur, ukrainsk broderi og tekstilmotiv frå ulike historiske ukrainske regionar. Nokre av desse verka er tekne med på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.

Ukrainarar i nasjonaldrakt

Tradisjonelle klede

[endre | endre wikiteksten]

Den kjende broderte skjorta eller blusen vysjyvanka[35] er den best kjende delen av ukrainsk nasjonaldrakt, og har tilmed sin eigen feiringsdag i mai.[36] Tradisjonell drakt for menn inkluderer òg kozjukh, kontusz, żupan og sjarovary. Tradisjonell drakt for kvinner omfattar kozjusjanka, otsjipok for gifte kvinner og ukrainsk krans for ugifte jenter. Plagga blir laga med forseggjord strukturell design, kompliserte veveteknikkar, omfattande broderi og holbroderi.

Veving og broderi

[endre | endre wikiteksten]

Tekstikunst har ei viktig rolle i ukrainsk kultur,[37] særleg i ukrainske bryllaupstradisjonar, ukrainsk broderi, veving og blondemaking blir brukte i tradisjonelle folkedrakta og feiringar.[38] Broderistilen varierer etter opphavsregionen,[39] og designa har lange historier når det gjeld motiv, komposisjons, fargeval og stingtypar.[40] Bruk av farge er særs viktig, og har røter i ukrainsk folkeminne. Broderimotiv frå ulike delar av Ukraina er tekne vare på i Rusjnik-museet i Perejaslav.

Nasjonaldrakter er vovne og rikt dekorerte. Veving med handlaga vevstolar blir framleis praktisert i landsbyen Krupove i Rivne oblast. Denne landsbyen er fødestaden til to personar som er kjende nasjonalt og internasjonalt innan tekstilhandverk, Nina Myhailivna[41] og Uliana Petrivna.[42]

Utøvande kunst

[endre | endre wikiteksten]
Odessa Opera House

Ukrainarar har ein sterk musikktradisjon der vandrande skaldar var viktige gjennom fleire hundreår. Desse kunne spelar kobza, bandura eller lira, og kunne spela for kosakkar under krigstokta deira. Andre var vandrande spelemenn. Styresmaktene i Tsar-Russland og Sovjetunionen såg på dei som oppviglarar, og innførte forbod og forfølgdingar mot dei.[43]

Fleire kjende musikarar og komponistar var fødde i Ukraina, som Dmitrij Bortnjanskij, Sergej Prokofjev og Myroslav Skoryk. Ukraina var også eit kjerneområde for musikk i Tsar-Russland, og husa det fyrste profesjonelle musikkonservatoriet i landet som opna på midten av 1700-talet og utdanna talrike musikarar og komponistar.[44]

Hopak blir ofte kalla den ukrainske nasjonaldansen

Tradisjonelle dansar er populære i Ukraina. Mange av dei kjem frå kossaklandsbyar på landet.[45] Ein ukrainsk dansestil heiter kalyna. Både menn og kvinner tek del i denne typen dans.[46]

  • Kvinnene bruker fargerike drakter, nokre gongar med ein einsfarga (vanlegvis blå, grøn, raud eller svart) tunika og matchande forklede, under det eit ope skjørt, og under dette igjen eit kvitt skjørt med ein brodert kant som skal nå ein tomme eller så over kneet. Viss dei har på seg ein tunika, ber dei ei langerma, rikt brodert kvit skjorte under. Tradisjonelt bruker kvinner ein type raude skinnstøvlar til å dansa i. Dei har òg på seg eit blomehovudstykke (vinok), det vil seia eit panneband dekt med blomar og lange flytande band nedover ryggen som flyt når dei dansar, og raude korallhalsband.[47]
  • Mennene har på seg lause bukser (vanlegvis blå, kvite, svarte eller raude) og ei skjorte (vanlegvis kvit, men nokre gonger svart) som er brodert i halsen og nedover brystet. Over skjorta kan dei nokre gonger ha ein rikt brodert vest. Rundt livet har dei ei vidt band med frynsete endar. Som kvinnene bruker dei støvlar, men desse kan vera svarte eller kvite i tillegg til raude.[47]
  • Kalyna er ein dans med ein partner. Dansen pryvitannya er ein helsingsdans som er sakte og respektfull, der kvinnene bukkar for publikum og tilbyr dei brød og salt på eit klede og blomar. Ein annan dans kalla hopak er mykje livlegare, med mange raske rørsler. Denne dansen er avleidd frå hopak-kampkunsten til kossakane.[48]
Det nasjonale kunstmuseet i Ukraina, skipa i 1898.

Museum og bibliotek

[endre | endre wikiteksten]

Det finst oppimot 5 000 ulike museum i Ukraina,[49] mellom anna Det ukrainske nasjonalgalleriet, Det nasjonale historiske museet, Museet for vestleg og orientalsk kunst, det nasjonale Tsjernobyl-museet i Kyiv, Lviv nasjonale kunstgalleri, Poltava kunstmuseum, Simferopol kunstmuseum, og mange andre innan kunst, historie, tradisjonar eller vigde til ulike tema. Mange av desse musea er i faresona på grunn av den russiske invasjonen av Ukraina i 2022.[50]

Det finst 14 bibliotek av statleg tyding (Vernadsky nasjonalbibliotek, Det nasjonale parlamentsbiblioteket, Det nasjonale historiske biblioteket, Korolenko statlege vitskaplege biblioteket i Kharkiv og andre), og 45 000 offentlege bibliotek over heile landet. Til saman eig desse institusjonane 700 millionar bøker.[51]

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Ukrainsk litteratur har hatt ei vanskeleg utvikling. På grunn av konstant utanlandsk dominans over ukrainske territorium var det ofte ein betydeleg forskjell mellom tale- og skriftspråk. Nokre gongar var det tilmed delvis forbode å trykka noko på ukrainsk. Ei rad utanlandske styre frå Litauen, Polen, Romania, Russland, Austerrike-Ungarn og Det osmanske riket berika på den andre sida òg ukrainsk ved å tilføra nye ord til språket.[52] Trass i undertrykking under tsar- og sovjetstyret har ukrainske forfattarar klart å danna ein rik litteraturarv.[53]

Mange ukrainarar har òg bidrege til den nærskylde russiskspråklege litteraturen.[54]

Populærkultur

[endre | endre wikiteksten]
Det ukrainske fotballandslaget under EM i fotball 2012.

Ukraina hadde stor nytte av den sovjetiske vektlegginga av kroppsøving, som gjorde at landet fekk hundrevis av stadion, symjehallar, idrettshallar og andre idrettsanlegg.[55]

Fotball er den mest populære idretten i Ukraina. Den leiande profesjonelle ligaen er Premjer-Liha.[56] Dei to laga som har hatt mest suksess i denne ligaen er rivalane Dynamo Kyiv og Sjakhtar Donetsk.

Dei ukrainske brørne Vitaliy Klytsjko og Volodymyr Klytsjko har begge vore tittelhaldarar i boksing.[57]

Ukraina debuterte ved OL under Vinter-OL 1994 .[58]

Andre populære idrettar i Ukraina er handball, tennis, rugby, basketball, gymnastikk og ishockey.[55]

Ukraina får meir enn 20 millionar turistar årleg i eit typisk år.[59] Dei sju naturlege underverka i Ukraina[60] og Dei sju underverka i Ukraina[61] er populære reisemål i lag med byar,[62] festivalar,[63] økoturisme[64] og helseturisme.[65] Sju stader i Ukraina er innskrivne på UNESCO si liste over verdsarv.[66]

  1. «Ukraine as a ‘borderland’». The Conversation. Henta 7. mars 2022. 
  2. «Ukraine». Britannica. Henta 7. mars 2022. 
  3. «Shevchenko, Taras». Encyclopedia of Ukraine. Arkivert frå originalen 8. januar 2018. Henta 7. mars 2022. 
  4. «Franko, Ivan». Encyclopedia of Ukraine. Henta 7. mars 2022. 
  5. «Kyivan Rus». Britannica. Henta 7. mars 2022. 
  6. «Galicia». Britannica. Henta 7. mars 2022. 
  7. «Volhynia». Britannica. Henta 7. mars 2022. 
  8. «Orthodox Christians». ARDA. Henta 7. mars 2022. 
  9. «Britannica». Slavic religion. Henta 7. mars 2022. 
  10. 10,0 10,1 «How Russian is Ukraine?». The Conversation. Henta 7. mars 2022. 
  11. «Christmas on January 7». Euromaidan Press. Henta 7. mars 2022. 
  12. Sibirtseva, Maria (17. juli 2018). «11 Things You Should Know About Ukrainian Culture». Culture Trip. Henta 28. februar 2019. 
  13. «flag of Ukraine | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 3. april 2022 
  14. Bristow, Michael Jamieson (2006). National Anthems of the World (11. utg.). London: Weidenfeld & Nicolson. s. 570. ISBN 978-0-304-36826-6. 
  15. «Weddings at Soyuzivka». Ukrainian Wedding Traditions. Henta 7. mars 2022. 
  16. 16,0 16,1 «Higher education in Ukraine; Monographs on higher education; 2006» (PDF). Henta 3. april 2022. 
  17. «Lviv National University», www.encyclopediaofukraine.com, henta 3. april 2022 
  18. «Language data for Ukraine». Translators Without Borders. Henta 7. mars 2022. 
  19. «Ukrainian language». Encyclopedia of Ukraine. Henta 7. mars 2022. 
  20. «Ukrainian language». Encyclopædia Britannica. Henta 3. april 2022. 
  21. «CIA World Factbook». Henta 16. mars 2012. 
  22. Ukraine Culture. Ukraine People. Education. Religion
  23. «Largest Religions in Ukraine». WorldAtlas. Henta 7. mars 2022. 
  24. Adrian Ivakhiv. In Search of Deeper Identities: Neopaganism and Native Faith in Contemporary Ukraine. Nova Religio, 2005.
  25. «Traditional foods». Encyclopedia of Ukraine. Henta 7. mars 2022. 
  26. «Pysanka». University of Alberta. Henta 7. mars 2022. 
  27. Ukraine Culture. Ukraine People. Education. Religion
  28. Ukraine Culture. Ukraine People. Education. Religion
  29. «Folk architecture». Encyclopedia of Ukraine. Henta 7. mars 2022. 
  30. «Museum of Folk Architecture and Rural Life». Kiev.info. Henta 7. mars 2022. 
  31. «National Museum of Ukrainian Decorative Folk Art». Encyclopedia of Ukraine. Henta 7 March 2022. 
  32. «Ornament». Encyclopedia of Ukraine. Henta 7. mars 2022. 
  33. «Peresopnytsia Gospel». Encyclopedia of Ukraine. Henta 7 March 2022. 
  34. «Executed Renaissance: The Erasure of Ukrainian Cultural Heritage in the Times of the Soviet Union». Retrospect Journal. Henta 7 March 2022. 
  35. «Ukrainian Vyshyvanka (embroidered shirt)». Unknown Ukraine. Henta 7. mars 2022. 
  36. «Ukrainians celebrating Vyshyvanka Day on May 20». Unian. Henta 7. mars 2022. 
  37. «Ukrainian folk dress. Traditional clothes of Ukraine». Ua-travelling.com. 13 July 2010. Arkivert frå originalen 25 July 2013. Henta 30 December 2010. 
  38. «Types and symbols of Ukrainian embroidery ornaments». UAPOST.US. Henta 7. mars 2022. 
  39. "Podvyzhnytsi narodnoho mystetstva", Kyiv 2003 and 2005, by Yevheniya Shudra, Welcome to Ukraine Magazine
  40. Ukrainian Museum Archives. Online exhibit on loan from the D.Dmytrykiw Ukrainian Ethnographic Research Collection, Library & Archives of Westlake, Ohio, arkivert frå originalen 24. mars 2009, henta 28. mars 2022 
  41. «Рівненська обласна державна адміністрація – Обласний центр народної творчості». Rv.gov.ua. Arkivert frå originalen 26. januar 2011. Henta 30. desember 2010. 
  42. «ПІСНІ ТА ВИШИВКИ УЛЯНИ КОТ – Мистецька сторінка». Storinka-m.kiev.ua. Henta 30. desember 2010. 
  43. «Ukrainian Wandering Bards: Kobzars, Bandurysts, and Lirnyks». Canadian Institute of Ukrainian Studies. 2001. Henta 6. april 2022. «The artistic tradition of Ukrainian wandering bards, the kobzars (kobza players), bandurysts (bandura players), and lirnyks (lira players) is one of the most distinctive elements of Ukraine's cultural heritage.» 
  44. «Ukraine is the rarely acknowledged musical heartland of the former Russian Empire». National Geographic Society. 2012. Arkivert frå originalen 15. mai 2011. 
  45. Culture in Ukraine | By Ukraine Channel
  46. «Chervona Kalyna». Kalyna. Henta 7. mars 2022. 
  47. 47,0 47,1 «Kalyna Performing Arts Company». UNF Canada. Henta 7. mars 2022. 
  48. «Hopak». Britannica. Henta 7. mars 2022. 
  49. УНIАН - Культура - Україна – музейна Країна
  50. Akinsha, Konstantin (25. mars 2022). «Culture in the crossfire: Ukraine's key monuments and museums at risk of destruction in the war». The Art Newspaper. Henta 26. mars 2022. 
  51. Бібліотеки та науково-інформаційні центри України
  52. «Ukrainian language». Britannica. Henta 7. mars 2022. 
  53. «Ukrainian literature». Britannica. Henta 7. mars 2022. 
  54. «Ukraine’s distinctive Russian-language culture». Ukrainian Institute London. Henta 7. mars 2022. 
  55. 55,0 55,1 «Sport in Ukraine». Topend Sports. Henta 7. mars 2022. 
  56. «Ukraine Vyscha Liga». BetsAPI. Henta 7. mars 2022. 
  57. «Klitschko Museum». Klitschko Museum. Henta 7. mars 2022. 
  58. «Ukraine at the Winter Olympics». Topend Sports. Henta 7. mars 2022. 
  59. Туристичні потоки, State Statistics Committee of Ukraine
  60. «The 7 Natural Wonders of Ukraine». Culture Trip. Henta 7. mars 2022. 
  61. «The Seven Wonders Of Ukraine». World Atlas. Henta 7. mars 2022. 
  62. «Cities of Ukraine». UES Ukraine. Henta 7. mars 2022. 
  63. «Ukraine Holidays and Festivals». iExplore. Henta 7. mars 2022. 
  64. «Ecotourism in Ukraine». Visit to Ukraine. Henta 7. mars 2022. 
  65. «Medical Tourism to Ukraine». Health Tourism. Henta 7. mars 2022. 
  66. «Ukraine». UNESCO World Heritage Centre. Arkivert frå originalen 12. mai 2021. Henta 28. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ukrainsk kultur