[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Umyndiggjort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Umyndiggjort kan ein myndig person, ein person over 18 år, bli etter reglane i Lov om Umyndiggjørelse av 28. november 1898. Dette kan berre skje viss dei ikkje lenger er i stand til å vareta sine eigne interesser.

Dei sentrale vilkåra for umyndigjering framgår av lova § 1:

§ 1. De som har fylt 18 år, kan settes under vergemål (umyndiggjøres):

1) naar de paa Grund af Aandssvaghed eller Sindssygdom eller, fordi de er forfaldne til Drukkenskab eller ødelæggende Brug af Morfin eller andre Beruselses- eller Bedøvelsesmidler, mangler Evnen til at drage Omsorg for sig eller sit Gods, eller

2) naar de paa Grund af Blindhed, manglende Taleevne eller anden legemlig Mangel eller Skrøbelighed mangler Evnen til at drage Omsorg for sig eller sit Gods, og de derhos selv samtykker i Værgemaalet, eller dette maa ansees nødvendigt for at beskytte dem mod paaviselig Fare for egennyttige Efterstræbelser fra andres Side, eller

3) naar de ved Drik, Spil eller Udsvævelser eller iøvrigt ved aabenbart uvittig Adfærd forøder eller spilder sit Gods, saa at Trang opstaar for dem eller deres Familie eller maa forudsees at ville indtræde, om de ei sættes under Værgemaal, eller

4) - - -

Det er no heilt uvanleg at nokon blir umyndiggjort. I staden blir det som regel oppnemnt ein hjelpeverje med heimel i Verjemålslova.

Viss nokon blir umyndiggjort, så blir det oppnemnast verje. Umyndige har ikkje rettsleg handleevne. Den rettslege handleevna ligg hos av verjen. Verje varetar ein umyndig sine interesser og handlar på den umyndige sine vegne i formuessaker, og er også rettsleg representant for den umyndige i alle samanhengar.

Overformynderiet har tilsynet med verja i ein kommune.

Verjemålslova har ei omfattande regulering av dei umyndige sine rettsforhold.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]