Turid Birkeland
Turid Birkeland | |||
| |||
Fødd | 5. november 1962 Haugesund kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 24. desember 2015 (53 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, programleiar, organisasjonsarbeidar | ||
Utdanna ved | Bjerke videregående skole | ||
Alle verv |
|
Turid Birkeland (fødd 5. november 1962 i Haugesund, død 24. desember 2015 i Oslo)[1] var ein norsk politikar frå Arbeiderpartiet.
Turid Birkeland var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Thorbjørn Jagland si regjering frå 25. oktober 1996 til 17. oktober 1997.
I perioden 1986 til 1989 var Turid Birkeland fast møtande vararepresentant på Stortinget. Ho var leiar for AUF i åra 1989-1992. Ho var leiar for Ja-aksjonen for norsk EU-medlemskap i 1994.
Turid Birkeland skreiv bøker, og arbeidde for LO sitt kontor i Brüssel. Ho arbeidde elles mellom anna som kultursjef i NRK og programleiar i kulturavdelinga i NRK. Ho leia programmet «Silikonfri sone» på TVNorge, og var også programleiar på TV+ i 1995, i tillegg til verv som leiar for programrådet i P4. Ho var også leiar for Kammermusikkfestivalen i Risør.
Frå 2008 var Turid Birkeland seniorrådgjevar i Telenor.
Bøker
[endre | endre wikiteksten]- Turid Birkeland og Sigurd Sandvin. Alle fakta på bordet. Oslo, 1992 EU-fakta
- Stockholm - Din guide til storbyen!. Damm, 2001 ISBN 82-517-8792-0
- London - Din guide til storbyen!. Damm, 2005. ISBN 82-496-0701-5
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Turid Birkeland er død». NRK. 25. desember 2015. Henta 25. desember 2015.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1962
- Døde i 2015
- Norske kulturministrar
- Ap-statsrådar
- Statsrådar i Regjeringa Jagland
- Stortingsrepresentantar 1985-1989
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Vararepresentantar til Stortinget
- Leiarar i AUF
- Programleiarar for NRK
- Programleiarar for TV Norge
- Norske embets- og tenestefolk
- Norske sakprosaforfattarar
- Folk tilknytte Telenor
- Folk tilknytte Norsk Folkehjelp
- Politikarar frå Oslo
- Folk frå Haugesund