Russland i Eurovision Song Contest
| |||||
---|---|---|---|---|---|
Offisielt | Russland | ||||
|
|||||
Uttakingar | |||||
Nasjonalt | 7 | ||||
Internt | 16 | ||||
Deltaking | |||||
Debutår | 1994 | ||||
Deltakingar | 23 | ||||
Beste resultat | |||||
Semifinalen | 1 (2012, 2015 og 2016) | ||||
Finalen | 1 (2008) | ||||
Verste resultat | |||||
Semifinalen | 15 (2018) | ||||
Finalen | 17 (1995) | ||||
Poeng | |||||
Semifinalane | 1 892 | ||||
Finalane | 3 530 | ||||
Totalt | 5 422 |
Russland debuterte i Eurovision Song Contest i 1994 i Dublin i Irland med songen «Vetsjnyj strannik», framført på russisk av Judif, og har sidan delteke 21 gongar. Sidan debuten har Russland vunne tevlinga ein gong, kome på andreplass fire gongar og tredjeplass tre gongar. Russland har stått over tevlinga ved fem høve, seinast i 2022 då Russland vart utestengt frå tevlinga som følgje av den russiske invasjonen av Ukraina.
Etter år 2000 er Russland eit av dei mest suksessrike landa i Eurovision Song Contest med éin siger, fire andreplassar og fire tredjeplassar. Etter innføringa av semifinalar i 2004, kvalifiserte Russland seg til finalen kvart einaste år fram til 2018, då landet mista ein finale for fyrste og hittil einaste gong.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Etter oppløysinga av Sovjetunionen i byrjinga av 1990-åra kom Aust-Europa for fullt med i Eurovision Song Contest. i 1993 vart Russland medlem av Den europeiske kringkastingsunionen, noko som bana veg for debuten i tevlinga i Dublin året etter. Russland kom på ein respektabel niandeplass, men hadde varierande resultat dei følgjande åra. Då tevlinga vart arrangert i Oslo i 1996, skjedde det utan russisk deltaking. Russlands bidrag, «Ja eto ja», vart nemleg slått ut i forhandskvalifiseringa.
Svingande resultat
[endre | endre wikiteksten]I 1998, var heller ikkje Russland kvalifisert, grunna dårlege resultat åra før. Russisk fjernsyn syna heller ikkje tevlinga i Birmingham, noko som var eit krav for å få deltake året etter. Dermed måtte Russland stå over tevlinga i 1999 også.
Russland kom tilbake for fullt, då artisten Alsou sang landet inn til ein andreplass med låta «Solo», berre slått av danske Olsen Brothers. Etter nokre år med resultat midt på resultatlista, fekk Russland ein ny andreplass med Dima Bilan og «Never Let You Go». Deretter fylgde ein tredjeplass, før Dima Bilan kom tilbake og sikra Russland si fyrste siger i Eurovision Song Contest med låta «Believe». Russland arrangerte tevlinga i Moskva året etter.
Blant dei beste
[endre | endre wikiteksten]Sidan 2012 har Russland enda på topp ti kvart einaste år, og landet har vunnet si semifinale tre gongar. I 2016 fekk Russland flest røyster frå TV-sjåarane, men vart berre nummer fem hos juryane. Dermed enda Sergej Lazarev på tredjeplass, bak Australia og vinnarlandet Ukraina.
Sidan debuten i 1994 har Russland delteke 22 gongar. Ansvaret med å velje artist og song har vore på rundgang mellom dei to statlege tv-kanalane Rossija 1 og Pervyj kanal. Sju gongar har Russland vald både artist og song gjennom ei nasjonal uttaking, til liks med norske Melodi Grand Prix. Den vanlegaste framgangsmåten har likevel vore intern utveljing, der TV-kanalen sjølve har vald ut artist og song. Sist gong Russland hadde ei nasjonal uttaking, var i 2012.
Strid med Ukraina
[endre | endre wikiteksten]Krangel etter ukrainsk siger i 2016
[endre | endre wikiteksten]I den nervepirrande avrøystinga i Eurovision Song Contest 2016 stod det til slutt mellom Ukraina og Russland. Til slutt vann Ukraina, sjølv om Russland hadde fått flest poeng frå tv-sjåarane i Europa. Russiske medier meinte sigeren var både «provoserande og politisk», og også utanlandske og norske media meinte tevlinga hadde mista uskylda då songen «1944» vann.
Sigeren førte til at Ukraina fekk arrangere Eurovision Song Contest i 2017. Hausten 2016 braut det igjen ut krangel mellom dei to nabolanda då ukrainske myndigheiter uttala at dei ikkje ønskte russiske artistar som hadde støtta dei pro-russiske separatistane aust i Ukraina, i tevlinga. Heller ikkje russiske artistar som hadde besøkt Krimhalvøya, fekk innreise til Ukraina. Bakgrunnen låg i den russiske annekteringa av ukrainske Krim i 2014, og Ukraina ser på Krim som ukrainsk territorium. Russisk musikkbransje kalla fråsegna frå Ukraina for «ikkje haldbar».[1]
Innreiseforbodet mot Julija Samojlova i 2017
[endre | endre wikiteksten]Trass det anstrengde forholdet mellom landa, valde Russland å deltake i Eurovision Song Contest 2017 i Ukraina.[2] 12. mars 2017 offentleggjorde den russiske kringkastaren Pervyj kanal at Julija Samojlova skulle representere Russland med songen «Flame Is Burning». Samojlova var blant finalistane i russiske X Factor i 2013, og ho er kraftig lamma og sit i rullestol på grunn av den arvelege, nevrologiske sjukdommen spinal muskelatrofi.[3] Men kort tid etter kunngjeringa oppstod det kontroversar omkring deltakinga til Samojlova.[4] Det viste seg at ho hadde heldt konsert på Krim i 2015, og den ukrainske sikkerheitstenesta SBU meinte difor at Samojlova hadde teke seg ulovleg inn på ukrainsk territorium. 22. mars vedtok ukrainske sikkerheitsmyndigheiter å ileggje den russiske artisten eit innreiseforbod på tre år til Ukraina.[5]
Avgjerda vekte sterke reaksjonar både i Russland og andre stadar i Europa.[5] Den europeiske kringkastingsunionen uttala at dei var «djupt skuffa over denne avgjerda, fordi vi følar dette strid mot både ånda for tevlinga og den inkluderande tankegangen som er ein grunnstein i verdiane til tevlinga».[6] Pro-russiske Bjørn Nistad, som har doktorgrad i russisk idéhistorie, kalla utestenginga til Ukraina for «hårreisande». Nistad meinte også at det var «absurd at Ukraina gjer dette i politisk augneméd. Dei som sjølv vann med ein politisk låt» – og sikta til den kontroversielle vinnarlåten til Ukraina «1944».[7]
Andre igjen meinte at det russiske artistvalet var ein bevisst russisk provokasjon, sidan russisk fjernsyn visste – eller burde ha visst – at Julija Samojlova hadde besøkt Krim etter annekteringa i 2014.[7][8][9] Som ei kriseløysning tilbaud EBU Samojlova å framføre sitt bidrag direkte frå Russland via satellitt under semifinalen og eventuelt i finalen. Noko slikt har aldri skjedd tidlegare i Eurovision Song Contest si historie.[10][11] Men russisk fjernsyn avviste løysinga og kalla det for «eit merkeleg forslag». TV-kanalen stod fast på at Julija Samojlova var Russland sin artist, og at ho måtte få deltake på like vilkår som dei andre deltakarane i Eurovision Song Contest.[12][13]
EBU vart kraftig irritert over innreiseforbodet, og unionen meinte Ukraina prøvde å slå politisk mynt på tevlinga. EBU-direktør Ingrid Deltenre brukte sterke ord i eit brev til statsministeren i Ukraina: «Vi er både sinte og frustrerte over at årets tevling vert brukt som eit verktøy i den pågåande konflikten mellom Russland og Ukraina», skreiv Deltenre i brevet og varsla samstundes at det kunne bli aktuelt med reaksjonar ovanfor Ukraina.[14] Men ukrainske myndigheiter stod fast på vedtaket om innreiseforbodet, og ukrainsk TV ba EBU om å respektere Ukraina sin suverenitet.[15]
Russisk fjernsyn avviste forslaget til EBU om å deltake via satellitt og opplyste at dei heller ikkje ville overføre sendingane frå Kyiv. 13. april 2017 vart Russland til slutt tvinga til å trekkje seg frå tevlinga. Dette var fyrste gongen sidan 1999 at Russland ikkje deltok i Eurovision Song Contest. Avgjerda var sterkt beklaga av EBU, som fordømde det ukrainske innreiseforbodet og meinte det «undergrev integriteten og den ikkje-politiske naturen» til tevlinga.[16]
Som eit plaster på såret for Samojlova, vedtok russisk fjernsyn at ho i staden fekk representere Russland ved Eurovision Song Contest i 2018.[17] Men Samojlova og songen hennar «I Won't Break» vart slått ut i semifinalen i 2018. Dette var fyrste gongen Russland ikkje kvalifiserte seg til finalen etter at semifinalar vart innførte i 2004.
Utestenginga i 2022
[endre | endre wikiteksten]I Eurovision Song Contest 2022 var Russland påmeldt til å delta. Etter ein langvarig strid med nabolandet Ukraina, valde Russland å invadere Ukraina 24. februar 2022. Hendinga vart møtt med massiv fordømming frå land og organisasjonar over heile verda.[18][19] Den ukrainske kringkastaren Suspilne bad same dag EBU om å suspendere dei russiske medlemskringkastarane VGTRK og Pervyj kanal. Suspilne hevda kanalane hadde fungert som talerøyr for russiske myndigheitar sidan den russiske intervensjonen i Ukraina i 2014.[20] Suspensjonen ville samtidig utestengje Russland frå Eurovision Song Contest, sidan eit land må være medlem av EBU for å kunne delta. Ei tilsvarande hending skjedde i 2021, då EBU utestengte kviterussiske BTRK fra unionen.[21]
I ein e-post til svenske SVT same dag skreiv EBU at Russland fortsatt var velkommen til å delta i tevlinga, siden Eurovision Song Contest er ei ikkje-politisk tevlinga.[22][23][24] Fråsegna møtte sterk kritikk frå kringkastarar over heile Europa, og fleire kravde at EBU måtte utestenge Russland frå unionen.[25] Den finske kringkastaren Yle truga med å trekkje Finland frå tevlinga dersom Russland fekk delta, og ei tilsvarende fråsegn kom frå estiske ERR.[26] Norske NRK meinte også at Russland måtte utestengjast: «Vi ser ikke for oss at Russland kan delta i årets Eurovision Song Contest», sa kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til NRK.[27][28]
Den 25. februar hadde kringkastarar i ni land bedd EBU om å suspendere Russland frå unionen: Danmarks DR, Estlands ERR, Finlands Yle, Islands RÚV, Litauens LRT, Nederlands AVROTROS, Noregs NRK, Sveriges SVT og Ukrainas Suspilne.[29] Same dag vart Russland utestengt fra Europarådet, men dette fekk ingen direkte konsekvensar for EBU-medlemskapet til Russland.[30] Men kort tid etter kunngjorde EBU at Russland var utestengt frå Eurovision Song Contest.[31]
Deltakarar
[endre | endre wikiteksten]År | Artist | Song | Språk | Finalen | Semifinalen | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Plass | Poeng | Plass | Poeng | ||||
1994 | Judif | «Vetsjnyj strannik» (Вечный странник) | Russisk | 9 | 70 | Ingen semifinalar | |
1995 | Filipp Kirkorov | «Kolybelnaja dlja vulkana» (Колыбельная для вулкана) | Russisk | 17 | 17 | ||
1996 | Andrej Kosinskij | «Ja eto ja» (Я это я) | Russisk | Ikkje kvalifisert | 26 | 14 | |
1997 | Alla Pugatsjova | «Primadonna» (Примадонна) | Russisk | 15 | 33 | Ingen semifinalar | |
Russland deltok ikkje i 1998 og 1999 | |||||||
2000 | Alsou | «Solo» | Engelsk | 2 | 155 | ||
2001 | Mumij Troll | «Lady Alpine Blue» | Engelsk | 12 | 37 | ||
2002 | Prime Minister | «Northern Girl» | Engelsk | 10 | 55 | ||
2003 | t.A.T.u. | «Ne ver, ne bojsia» (Не верь, не бойся) | Russisk | 3 | 164 | ||
2004 | Julija Savitsjeva | «Believe Me» | Engelsk | 11 | 67 | Direktekvalifisert | |
2005 | Natalja Podolskaja | «Nobody Hurt No One» | Engelsk | 15 | 57 | ||
2006 | Dima Bilan | «Never Let You Go» | Engelsk | 2 | 248 | 3 | 217 |
2007 | Serebro | «Song #1» | Engelsk | 3 | 207 | Direktekvalifisert | |
2008 | Dima Bilan | «Believe» | Engelsk | 1 | 272 | 3 | 135 |
2009 | Anastasija Prikhodko | «Mamo» (Мамо) | Russisk og ukrainsk | 11 | 91 | Direktekvalifisert | |
2010 | Pjotr Nalitsj og venar | «Lost and Forgotten» | Engelsk | 11 | 90 | 7 | 74 |
2011 | Aleksej Vorobjov | «Get You» | Engelsk | 16 | 77 | 9 | 64 |
2012 | Buranovskije Babusjki | «Party for Everybody» | Udmurtisk og engelsk | 2 | 259 | 1 | 152 |
2013 | Dina Garipova | «What If» | Engelsk | 5 | 174 | 2 | 156 |
2014 | Tolmatsjova-systrene | «Shine» | Engelsk | 7 | 89 | 6 | 63 |
2015 | Polina Gagarina | «A Million Voices» | Engelsk | 2 | 303 | 1 | 182 |
2016 | Sergej Lazarev | «You Are the Only One» | Engelsk | 3 | 491 | 1 | 342 |
2017 | Julija Samojlova | «Flame Is Burning» | Engelsk | Trekt | |||
2018 | «I Won't Break» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 15 | 65 | ||
2019 | Sergej Lazarev | «Scream» | Engelsk | 3 | 370 | 6 | 217 |
2020 | Little Big | «Uno» | Engelsk og spansk | Avlyst | |||
2021 | Manizja | «Russian Woman» (Русская женщина) | Russisk og engelsk | 9 | 204 | 3 | 225 |
2022 | Utestengt frå deltaking grunna Russlands invasjon av Ukraina |
Merk at namn og titlar er transkribert frå russisk-kyrillisk i samsvar med Språkrådets tilrådingar. Namna vil difor være stava annleis enn på engelsk.
Røystehistorikk
[endre | endre wikiteksten]Finalane
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Semifinalane
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Serebro i Helsingfors 2007
-
Aleksej Vorobjov i Düsseldorf 2011
Eurovision Song Contest i Russland
[endre | endre wikiteksten]År | Stad | Arena | Programleiarar |
---|---|---|---|
2009 | Moskva | Olimpijskij | Finalen: Alsou og Ivan Urgant Semifinalane: Natalja Vodjanova og Andrej Malakhov |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jentoft, Morten (11. september 2016). «ESC-bråket i full gang – Ukraina vil utelukke visse russiske artister». nrk.no.
- ↑ Sanjay (Sergio) Jiandani (31. oktober 2016). «Russia: Channel 1 Russia confirms participation in Eurovision 2017». eurovision.tv. Henta 28. desember 2016.
- ↑ «Russia's flame for Eurovision is still burning, Julia Samoylova to Kyiv». eurovision.tv. 12. mars 2017. Henta 25. mars 2017.
- ↑ Braseth, Sofie (14. mars 2017). «Rasende for at Russland skal sende Yuliya (27) til Eurovision». Dagbladet.no.
- ↑ 5,0 5,1 Johansen, Øystein David (22. mars 2017). «Nekter russisk Eurovision-deltaker adgang til Ukraina». VG Nett.
- ↑ Paul Jordan (22. mars 2017). «Statement from the EBU regarding Russia's participation in the 2017 Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 25. mars 2017. «we are deeply disappointed in this decision as we feel it goes against both the spirit of the Contest, and the notion of inclusivity that lies at the heart of its values.»
- ↑ 7,0 7,1 Madshus, Karin (22. mars 2017). «– Russlands utestengelse kan bety slutten for Melodi Grand Prix». Dagbladet.no.
- ↑ Morten Jentoft (15. mars 2017). «Grand Prix-krig mellom Russland og Ukraina: Slik ble konkurransen til storpolitikk». NRK.no. Henta 25. mars 2017.
- ↑ Aune og Falch-Nilsen, Oddvin og Kirsti (22. mars 2017). «Ukraina utestenger russisk Eurovision-artist». NRK.no.
- ↑ Sivertsen, Eirin Venås (23. mars 2017). «EBU vil la russiske Julia Samojlova opptre via satellitt». NRK.no.
- ↑ Paul Jordan (23. mars 2017). «EBU offers Russian singer opportunity to perform via satellite». eurovision.tv. Henta 25. mars 2017.
- ↑ «Russland vil ikke la Eurovision-bidrag framføres via satellitt». NTB/ ABC Nyheter. 23. mars 2017.
- ↑ Sivertsen, Eirin Venås (23. mars 2017). «Vil ikke satellittoverføre Russlands ESC-bidrag». NRK.no.
- ↑ Jentoft, Morten (1. april 2017). «EBU vil straffe Ukraina hvis russisk artist ikke får være med i Grand Prix-finale». NRK.no.
- ↑ Tunheim, Helga (7. april 2017). «Ukrainsk media svarer om Eurovision-bråket». NRK.no.
- ↑ «EBU: "Russia no longer able to take part in Eurovision 2017"». eurovision.tv. 13. april 2017. Henta 14. april 2017.
- ↑ Royston, Benny (23. mars 2017). «Russia hits back at Ukraine over Eurovision Song Contest ban». Metro.co.uk (på engelsk).
- ↑ NTB |, Caisa Linea Hagfors (24. februar 2022). «Massiv fordømmelse fra omverden». dagbladet.no (på norsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ NTB (24. februar 2022). «Internasjonal fordømmelse av Russlands angrep mot Ukraina». www.abcnyheter.no (på norsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ suspilne. «Суспільне вимагає припинити членство російських ЗМІ у ЄМС». corp.suspilne.media (på engelsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ Union (EBU), European Broadcasting (28. mai 2021). «EBU Executive Board agrees to suspension of Belarus Member BTRC». www.ebu.ch (på engelsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ Savage, Mark (24. februar 2022). «Eurovision: Russia can compete despite invasion of Ukraine». BBC News (på engelsk) (BBC). Henta 24. februar 2022.
- ↑ Green, Alex (24. februar 2022). «Russia can compete in Eurovision despite Ukraine invasion, organisers say». The Independent (på engelsk). Henta 24. februar 2022.
- ↑ Wyser, Daniel (24. februar 2022). «Trots krigshandling – Ryssland välkomnas fortfarande till ESC». SVT Nyheter (på svensk). Sveriges Television. Henta 24. februar 2022.
- ↑ Luukela, Sami (25. februar 2022). «Europe responds to EBU statement regarding Russia competing in Eurovision». ESCXTRA.com (på engelsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ Mankkinen, Jussi (25. februar 2022). «Yle vetoaa EBUun: Venäjä pitää sulkea kokonaan pois Euroviisuista, tai Suomi ei lähetä esiintyjää mukaan». Yle Uutiset (på finsk). Yle. Henta 25. februar 2022.
- ↑ Svelstad, Oda Elise (25. februar 2022). «NRK vil ikke at Russland skal delta i Eurovision». NRK (på norsk bokmål). Henta 25. februar 2022.
- ↑ Thomas Talseth (25. februar 2022). «NRK: – Vi ser ikke for oss at Russland kan delta i årets Eurovision Song Contest». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 25. februar 2022.
- ↑ Kaldoja, Kerttu (25. februar 2022). «Eesti osalemine Eurovisioonil sõltub Venemaa osalusest». ERR (på spansk). ERR.
- ↑ NRK (25. februar 2022). «Russland kastet ut av Europarådet». NRK (på norsk bokmål). Henta 25. februar 2022.
- ↑ «EBU statement regarding the participation of Russia in the Eurovision Song Contest 2022». Eurovision.tv (på engelsk). 25. februar 2022. Henta 25. februar 2022.
- Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest
- Russland i Eurovision Song Contest
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Russland i Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på bokmål, den 17. oktober 2020.