Russian Woman
«Russian Woman» (russisk tittel «Русская женщина», transkripsjon Russkaja zjensjtsjina, 'russisk kvinne') er ein song frå 2021 som vert framført av den russisk-tadsjikiske musikaren Manizja. Han vart spelt offentleg fyrste gong 8. mars 2021 og utgjeven 19. mars same år. Songen er det russiske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[1]
Om songen
[endre | endre wikiteksten]Songen var eitt av tre bidrag som deltok i den russiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2021. Finalen vart arrangert av den russiske kringkastaren Pervyj kanal og vart sendt direkte måndag 8. mars 2021. I finalen framførte Manizja songen med sin russiske tittel og fekk flest røyster av sjåarane med 39,7 prosent.[2] Som vinnar av den nasjonale finalen vart «Russian Woman» det russiske bidraget til Eurovision Song Contest 2021.[3]
Songen er skriven av Manizja sjølv, med produksjonshjelp frå dei to israelske låtskrivarane Ori Avni og Ori Kaplan. Songen vart fyrste gong framført under den nasjonale finalen som vart sendt same dag som den internasjonale kvinnedagen. Manizja skreiv songen under ein turné nøyaktig eit år tidlegare.[3]
Manizja seier «Russian Woman» handlar om transformasjonen av sjølvmedvitet til kvinner i Russland dei siste par hundreåra: «Ei russisk kvinne har gjort ei utruleg ferd frå bondehytte til røysterett, frå fabrikkar til romskip. Ho har aldri vore redd for å stå imot stereotypiar eller å ta ansvar».[3]
Kritikk rundt bidraget
[endre | endre wikiteksten]Etter sigeren i den russiske finalen vart både songen og Manizja møtt med kritikk frå enkelte hald i Russland. Blant anna vart tadsjikisk-fødde Manizja skulda for å ikkje vere russisk nok.[4][5] Ho fekk samtidig kritikk for å syngje på russisk, noko som vart sett på for å redusere vinnarsjansane til Russland i Eurovision Song Contest. Ho fekk sterk støtte frå ei rekkje kjende russiske kjendisar og songarar, og ho valde sjølv å møte kritikken ved å leggje ut ein sarkastisk video på sosiale medium.[6][7]
Delar av den konservative russiske pressa meinte songen «krenkjer verdigheita til russiske kvinner og bryt nasjonal harmoni».[8] Fleire politikarar og artistar tok òg til orde for at bidraget og artisten burde bytast ut med ein annan; blant anna vart Manizja skuldgjeven for å støtte «anti-russiske» verdiar gjennom å promotere rettane til kvinner og støtte LHBT-samfunnet. Etter press frå det konservative tidsskriftet Veteranskije Vesti vart Etterforskningskomiteen i Russland kopla inn i saka for å undersøkje teksta i «Russian Woman».[9] Komiteen kom fram til at teksta ikkje inneheldt nokon «ulovlege fråsegner».[10]
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]Russland er trekt til å deltake i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest i Rotterdam Ahoy i Nederland tysdag 18. mai.
I Eurovision Song Contest har songen den engelske tittelen «Russian Woman» og vert framført på både russisk og engelsk.[3][11] Songen vart justert noko føre tevlinga, og den nye versjonen vart utgjeven for sal og strømming 19. mars.[12]
Utgjevingshistorikk
[endre | endre wikiteksten]Studioversjon
[endre | endre wikiteksten]Region | Dato | Format | Merke | Ref. |
---|---|---|---|---|
Diverse | 19. mars 2021 | Digital nedlastning, strømming | Eige forlag | [13] |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Tajik-Born Singer Manizha To Represent Russia In Eurovision Song Contest» (på engelsk). Henta 9. mars 2021.
- ↑ «Russia: Manizha will sing "Russkaya zhenshchina (Russian Woman)" at Eurovision 2021» (på engelsk). 8. mars 2021. Henta 9. mars 2021.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 «Manizha's 'Russian Woman' wins on International Women's Day» (på engelsk). 8. mars 2021. Henta 9. mars 2021.
- ↑ «Лоза раскритиковал певицу Manizha и назвал ее никому не нужной». Henta 20. mars 2021.
- ↑ «Russia: Manizha Receives Support From Dima Bilan And United Nations» (på engelsk). 14. mars 2021. Henta 20. mars 2021.
- ↑ Сычев, Андрей Туманов, Зоя Игумнова, Наталья Васильева, Сергей (8. mars 2021). «Без Uno выбор: почему Россия отправляет на «Евровидение» Манижу» (på russisk). Henta 20. mars 2021.
- ↑ «Manizha hits back at critics with hilarious video exposé» (på engelsk). 17. mars 2021. Henta 20. mars 2021.
- ↑ «🇷🇺 Russia: Investigative Committee of Russia Investigating "Russian Woman" Lyrics» (på engelsk). 18. mars 2021. Henta 20. mars 2021.
- ↑ «СК попросили проверить песню Манижи для Евровидения» (på russisk). 18. mars 2021. Henta 20. mars 2021.
- ↑ «Russia: Manizha releases studio version of "Russian Woman"» (på engelsk). 19. mars 2021. Henta 20. mars 2021.
- ↑ «Manizha - Russia - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 9. mars 2021.
- ↑ «🇷🇺 Russia: Revamped "Russian Woman" Released» (på engelsk). 19. mars 2021. Henta 20. mars 2021.
- ↑ «RUSSIAN WOMAN by Manizha» (på engelsk). Henta 20. mars 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Russian Woman» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2021.