[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Rohingya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rohingya
ruáingga
Andre namn akyab, arakan, rohinja
Klassifisering indo-europeisk
 indo-iransk
  indo-arisk
   austleg
    bengali–assamesisk
Bruk
Tala i Burma, Bangladesh
Rohingyatalande i alt 1,5 millionar (2006)[1]
Språkkodar
ISO 639-3 rhg

Rohingya (ruáingga) er eit språk tala av rundt 1,5 millionar rohingyafolk frå staten Arakan (også Rakhine/Rohang) i Burma (Myanmar).[2][3] Det er nært i slekt med chatgaya som blir tala i den tilstøytande Chittagong-regionen søraust i Bangladesh.[1] Det finst også mange rohingyafolk i Bangladesh, Thailand, Malaysia og andre stader dei har flykta til.

Rohingya kan skrivast med fleire skriftsystem, mellom anna arabisk,[4] urdu, hanifi og burmesisk, og i nyare tid også latinske bokstavar.

Konsonantar

[endre | endre wikiteksten]

Rohingya har i hovudsak dei følgjande 25 konsonantlydane, i tillegg til nokre andre i lånord.

Konsonantar[5]
Bilabial Labio-
dental
Dental/
Alveolar
Retrofleks Palatal Velar Glottal
Plosiv p   b   ʈ   ɖ     ɟ k   ɡ ʔ    
Nasal     m     n     ɲ     ŋ
Frikativ f     s   z ʃ     x     h    
Flap     ɾ     ɽ
Approksimant     w     j
Lateral     l

Språket har seks enkle vokalar (monoftongar) og fleire diftongar.[4] Ein skil mellom «open o» ([ɔ]) og «lukka o» ([o]) gjennom ulike stavemåtar - høvesvis <o>/<ó> og <ou>/<óu>.

  1. 1,0 1,1 Rohingya ved Ethnologue.com
  2. What is Rohingyalish or Rohingya Language?, RohingyaLanguage.com, arkivert frå originalen 31. juli 2012, henta 11. juni 2012 
  3. Rohingya Language, WorldLanguage.com, henta 11. juni 2012 
  4. 4,0 4,1 Mohammed Siddique Basu. Starting with Rohingyalish. 
  5. Engelsk Wikipedia oppgav rohingyalanguagefoundation.com/language_rules_landscape.html (daud lenkje)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]