Qeqertalik kommune
Qeqertalik | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Grønland | ||
---|---|---|---|
Areal | 62 400 km² | ||
Folketal | 6 176 (desember 2021)[1] | ||
Qeqertalik 68°11′52″N 51°55′33″W / 68.197711111111°N 51.925830555556°W | |||
Kart som viser Qeqertalik kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Qeqertalik |
Qeqertalik kommune er ein kommune på Grønland oppretta 1. januar 2018 frå dei fire sørlegaste distrikta i tidligare Qaasuitsup kommune. Kommunen har omtrent 6 500 innbyggjarar og eit areal på 62 400 km². Administasjonssenteret ligg i Aasiaat.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Qeqertalik grensar til Qeqqata kommune i sør og til Avannaata kommune i nord. Mot aust grensar han mot Sermersooq kommune over innlandsisen og langs den 45. vestlege lengdegraden. Kommunen består hovedsakleg av lokalsamfunna omkring Diskobukta, bortsett frå nordaustkysten og Nuussuaqhalvøya som høyrer til nabokommunen Avannaata.
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]- Aasiaat distrikt
- Aasiaat (Egedesminde)
- Akunnaaq
- Kitsissuarsuit (Hunde Ejlande)
- Kangaatsiaq distrikt
- Qasigiannguit distrikt
- Qasigiannguit (Christianshåb)
- Ikamiut
- Qeqertarsuaq distrikt
- Qeqertarsuaq (Godhavn)
- Kangerluk
Administrasjon
[endre | endre wikiteksten]I samband med oppdelinga av Qaasuitsup kommune vart det vald eit overgangsutval i april 2017 på 15 medlemmar i den framtidige Queqertalik kommune. Ved etableringa av Queqertalik kommune 1. januar 2018 tiltredde overgangsutvalet som kommuneråd i den nye kommunen fram til kommunevalet i april 2021, og Ane Hansen frå Inuit Ataqatigiit vart vald som borgarmeister.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Qeqertalik» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2018.