Qabus ibn Said
Qabus ibn Said | |||
| |||
Arabisk | قابوس بن سعيد آل سعيد:, Qābūs bin Saʿīd ʾĀl Saʿīd | ||
---|---|---|---|
Fødd | 18. november 1940 | ||
Fødestad | Salalah | ||
Død | 10. januar 2020 | ||
Dødsstad | Seeb | ||
Føregangar | Said ibn Taimur | ||
Etterfølgjar | Haitham ibn Tariq al-Said | ||
Gift med | Nawwal bint Tariq al-Said | ||
Dynasti | Al Said | ||
Far | Said ibn Taimur | ||
Mor | Mazoon bint Ahmad Al Mashani |
Qabus ibn Said (18. november 1940–10. januar 2020) var sultan av Oman frå 23. juli 1970 til han døydde i 2020. Med nesten 50 år ved makta då han døydde var han den leiaren i den arabiske verda som hadde styrt lengst.[1]
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Qabus ibn Said fekk ei vestleg utdanning i England, mellom anna ved Royal Military Academy. Han blei kalla tilbake til Oman i 1965 (eller 1964) av far sin, Said ibn Taimur, den dåvarande sultanen av Oman, som deretter heldt han i varetekt. Qabus ibn Said overtok styret av landet gjennom ein ublodig palasskupp, truleg med hjelp frå Storbritannia.[2][3] Faren blei send i eksil. Frå 1972 var sultanen òg premiereminister, fram til då hadde han delt makta med onkelen sin Tariq ibn Taimur.[3] Med hjelp av oljepengar starta han eit omfattande moderniseringsprogram for det då svært primitive og isolerte landet.[4] Vegar, sjukehus, skular og hamner blei bygde, og fleire morallover blei avskaffa.[3] Han opna Oman for internasjonalt samarbeid og forbetra relasjonane med andre arabqrstater, Frankrike og Israel.[2] Sultanen heldt igjen den politiske makta innanfor den kongelege familien.[5] Det omanske parlamentet fekk berre ein rådgjevande funksjon.[6]
Eit geriljaopprør i sørdelen av provinsen Dhofar blei slått ned i 1975. I 1996 innførte sultanen den fyrste nedskrivne grunnlova i Oman. I 2002 utvida han røysteretten til å omfatta alle borgarar over 21.[4][3]
Under den arabiske våren i 2011 braut det også ut uro i Oman. Det blei sett fram krav om arbeid og politiske reformer. Sultan Qabus gjekk demonstrantane i møte med eit løfte før valet av representantar til det konsultative rådet i oktober 2011.[5]
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]22. mars 1976 gifte seg Qabus ibn Said med syskenbarnet sitt, Sayyida Kamila. Ekteskapet enda med skilsmisse i 1979.[7] Han hadde ingen barn, og utnemnde fetteren sin Haitham ibn Tariq al-Said som etterfølgjar.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Sultan of Oman dies and is succeeded by cousin» (på engelsk). 11. januar 2020. ISSN 0029-7712.
- ↑ 2,0 2,1 «Oman». Nationalencyklopedin. Henta 28. desember 2015.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 «Qabus ibn Sa`id». www.rulers.org. Henta 28. desember 2015.
- ↑ 4,0 4,1 «Oman - Modern historia». Landguiden. Utrikespolitiska institutet. Arkivert frå originalen 19. januar 2016. Henta 28. desember 2015. Arkivert 2016-01-19 ved Wayback Machine.
- ↑ 5,0 5,1 «Qabus ibn Said». Nationalencyklopedin. Henta 28. desember 2015.
- ↑ «Politiskt system i Oman». Landguiden. Arkivert frå originalen 19. januar 2016. Henta 28. desember 2015. Arkivert 2016-01-19 ved Wayback Machine.
- ↑ «Sultan Qaboos Bin Saeed: A democrat visionary». gulfnews.com (på engelsk). Henta 12. januar 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Qabus ibn Said» frå Wikipedia på svensk, den 15. mai 2022.