Problemsjakk
Ostrauer Morgenzeitung 4. desember 1921
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kvit i trekket klarar remis
Ei av dei mest berømte sjakkstudiene. Det synest umogleg å nå igjen den svarte bonden, samtidig som det ser ut som svart lett kan stoppe den kvite bonden. Løysinga er å gå på diagonalen med kongen, noko som gjer at kongen nærmar seg begge bøndene samtidig: 1.Kg7! h4 2.Kf6! Kb6 (eller 2...h3 3.Ke7 og den kvite kongen kan hjelpe sin bonde inn til bondeforvandling) 3. Ke5!! (no kjem den kvite kongen akkurat i tide til å nå sin bonde, eller når den svarte bonden) 3...h3 4. Kd6 remis. |
Problemsjakk eller komposisjon av sjakkproblem er kunsten å lage eller skape sjakkproblem. Ein person som lagar sjakkproblem er kalla ein problemkomponist.[1]
Eit sjakkproblem er i denne samanhengen namnet på ei spesiell type sjakkoppgåve. For å vere eit sjakkproblem skal det gjerne innehalde følgjande faktorar:
- Sjakkposisjonen er komponert, dvs er ikkje tatt frå eit faktisk sjakkparti, men har blitt laga for å kunne utgjere eit sjakkproblem.
- Her er eit spesifikt mål med sjakkproblemet, f eks at svart skal settast matt i eit gitt tal trekk.
- Sjakkproblemet viser økonomi i konstruksjonen: Det blir ikkje brukt fleire eller sterkare brikker enn det som trengst for å skape problemet, og for å sikre at den tiltenkte løysinga er ei løysing og den einaste løysinga på problemet.
- Problemet har ein estetisk verdi. Sjakkproblem blir oppfatta ikkje berre som problem, men også som noko vakkert. Dette heng nøye saman med det at sjakkproblem blir søkt konstruert slik at dei viser ein klar ide på eit så økonomisk vis som mogleg.
- Sjakkproblemet har eit tema, eller ein kombinasjon av tema, som sjakkproblemet viser eller illustrerer. Mange av desse ideane har eigne namn, ofte etter dei som brukte dei først, som Novotny eller Lacny sine tema.
Det finst mange typar sjakkproblem. Dei to viktigaste er:
- Mattoppgåver: Kvit trekker først og set svart matt i eit gitt tal trekk, uansett svart forsvar. Oppgåvene blir gjerne kalla «matt i n», for eksempel «matt i tre», ein «tretrekkar».
- Sluttspelstudiar, eller studiar: Tradisjonelle problem, der stillinga på brettet gir problemet: Kvit i trekket skal klare vinst, eventuelt kvit i trekket skal klare remis. Nesten alle studiar er sluttspel-stillingar.
Det blir arrangert konkurransar både i å laga og i å løyse sjakkproblem, og det blir delt ut sjakktitlar til dei beste.[2]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Howard, Kenneth S (1961). How to Solve Chess Problems. Courier Dover Publications. ISBN 0-486-20748-X.
- ↑ Weenink, H.G.M. (1926). Hume, G.; White, A.C., red. The Chess Problem.