Pierre Louis Dulong
Utsjånad
Pierre Louis Dulong (12. februar 1785–19. juli 1838) var ein fransk fysikar og kjemikar, lege, og seinare lærer i fysikk og kjemi ved ulike vitskaplege institusjonar i Paris.
Frå 1830 var han direktør for École polytechnique. Han arbeidde med varmefenomen, som utvidinga til lekamar, avkjøling, varmekapasitet, damptrykket til vassdamp og anna. Han fann, saman med kollegaen sin Alexis Thérèse Petit, Dulong-Petit-lova. Dulong oppdaga det særs eksplosive nitrogenkloridet (1811), noko som kosta han eit auge og fleire fingrar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Pierre Louis Dulong. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 4. november 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Chisholm, Hugh, red. (1911). «Dulong, Pierre Louis». Encyclopædia Britannica (på engelsk) (11. utg.). Cambridge University Press.