Stabburet
Stabburet | |||
| |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 916170858 | ||
Bransje | Næringsmiddel | ||
Skipa | 1943 | ||
Adm.dir. | Bente Gudveig Brevik | ||
Omsetnad | 2 878 millioner kroner (2010) |
Stabburet AS er ein norsk matvareprodusent som produserer mange kjente merkevarer, for eksempel frossenpizzaene Grandiosa og Big One. I tillegg produserer Stabburet merkevarer som Nora syltetøy, saft og grønsaker, Stabburmakrell, Nugatti, Fun Light og Idun. Stabburet vart etablert av Gunnar Nilsen i 1943, og er no ein divisjon av Orkla Foods. Denne forretningseininga er ein del av Orkla Brands (Orklas merkevareverksemd). I 2007 var Stabburets driftsinntekter på 2.783 millionar kroner. Dei to markedsområda Daglegvare og Storhushalding stod for 72 % og 28 % av omsettinga.
Hovudkontoret ligg på Kolbotn i Akershus, og foretaket har om lag 1000 tilsette.
Daglegvareområdet er ansvarleg for sal og marknadsføring mot norsk daglegvarehandel, medan Storhushalding arbeider mot bensinstasjonar, storkioskar, gatekjøkken, kantiner, kafeteriaer/kroer og hotell. Bedrifta har òg fagfunksjonar for innkjøp, produktutvikling, produksjon/logistikk, forretningsutvikling/IS, økonomi, personal og informasjon.
Stabburet har totalt åtte produksjonsanlegg i Sør-Noreg. I tillegg kjem dei regionale salskontora.