Selbu kommune
Selbu kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Mebonden | ||
Areal | 1 235 km² | ||
• land | 1 147 km² | ||
• vatn | 88 km² | ||
Folketal | 4 216 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Ole Morten Balstad (Ap) | ||
Kommunenr. | 5032 | ||
Selbu kommune 63°11′54″N 11°08′25″E / 63.198333333333°N 11.140277777778°E | |||
Kart som viser Selbu kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Selbu | |||
Nettstad: www.selbu.kommune.no |
Selbu (sørsamisk Saalboge) er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar i nord mot Malvik og Stjørdal, i aust til Meråker og Tydal, i sør til Holtålen og Midtre Gauldal, og i vest til Melhus og Klæbu kommune. Geografisk er Selbu ein sidedal til Stjørdalen.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]- Skarvan og Roltdalen nasjonalpark ligg på nordsida av hovuddalføret.
- Dragsten
- Innbygda i Selbu
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Kommunen er kjent for strikking, og mønsteret selburosa, som er gjengitt i kommunevåpenet, finst på eit stort tal vottar, strømper og så vidare frå kommunen.
Selbu er også kjent for store kvernsteinsbrot i fjellet ved Kvernfjellvatn. Desse brota var i drift i nærare 1500 år fram til 1930-åra. Allereie i vikingtida fann det stad eksport herfrå til heile Noreg, Danmark og Sør-Sverige, seinare også til Russland.
Selbu er ein skogkommune og har Kjeldstad sag og trelast som hjørnesteinsbedrift.
Kjente selbyggar
[endre | endre wikiteksten]- Peder Morset (1887–1943), motstandsmann under krigen
- Belle Gunness (1859–ca. 1908), massemordar i USA
- Oscar Tybring (1847–1895), grunnleggjar av Redningsselskapet
- Reidar Morset (1918–2001), programleiar for Morgengymnastikken i NRK radio
- Kristen Kvello (1931–1998), skiløpar og speakar
- Berit Aunli (f. 1956), langrennsløpar
- Grete Ingeborg Nykkelmo (f. 1961), langrennsløpar
- Kjersti Synneva Moen (f. 1995), illustratør og teikneserieskapar