Sefardar
Sefardar eller sefardiske jødar (hebraisk סְפָרַדִּי, sefardím, moderne hebraisk sfaraddi tiberisk səp̄āraddî - «Sefarad» er eit jødisk namn på den iberiske halvøya[1]) er primært jødar med historiske røter i mellomalderens Spania og Portugal. Desse blei tvinga i eksil eller i skjul av Alhambra-ediktet av 1492, og slo seg særleg ned i andre middelhavsland og i Nederland.[2] Namnet blir i praksis òg brukt om ikkje-iberiske jødar som stammar frå arabisk-språklege land, såvel som heilt generelt om jødar av ikkje-askenasisk opphav.
Sefardiske jødar i den opphavlege tydinga inkluderer først og fremst jødar frå Marokko, Algerie, Hellas, Tyrkia, og i tillegg mange jødar frå Italia, Frankrike, Belgia, Nederland, Storbritannia, Amerika og Israel. Tidlegare talte dei fleste sefardar spansk, jødespansk eller portugisisk. Ein særleg variant av det spanske eller jødespanske språket bruka av sefardiske jødar er «ladino», som kan skildrast som strengt ordrette omsetjingar frå hebraisk til spansk eller jødespansk.[1] Frå midten av 1900-talet har det gradvis vorte vanleg å bruke namnet «ladino» for det jødespanske språket.
Kjende sefardiske jødar
[endre | endre wikiteksten]- Mosjé ben Maimón («Moses Maimonides», 1135–1204), filosof og jødisk teolog
- Menasseh Ben Israel (1604–1657), portugisisk-nederlandsk rabbinar, forskar, skribent, diplomat, boktrykkjar og utgjevar
- Benjamin Disraeli (1804–1881), britisk politikar
- Karl Emil Franzos (1848–1904), austerriksk-sefardisk forfattar
- Uriel Acosta (1585-1640), portugisisk-nederlandsk rasjonalistisk filosof
- Baruch Spinoza (1632–1677), nederlandsk filosof
- David Ricardo (1772–1823), britisk økonom
- Grace Aguilar (1816–1847), engelsk forfattar
- Camille Pissarro (1830–1903), fransk biletkunstnar
- Darius Milhaud (1892-1974), komponist (sefardisk morfar)
- Elias Canetti (1905–1994), bulgarsk-engelsk forfattar
- Pierre Mendès-France (1907–1982), fransk-sefardisk sosialistisk politikar
- Rita Levi-Montalcini (f. 1909), italiensk-sefardisk neurolog og nobelprisvinnar i medisin
- Peter Sellers (1925-1980), britisk skodespelar og komikar (etterkommar av den sefardiske boksaren Daniel Mendoza)
- Jacques Derrida (1930–2004), fransk filosof
- Claude Cohen-Tannoudji (f. 1933), algersk-sefardisk nobelprisvinnar i kjemi
- Murray Perahia (f. 1947), amerikansk konsertpianist
- Bernard-Henri Lévy (f. 1948), algirskfødd fransk-sefardisk filosof og skribent
- Hank Azaria (f. 1964), USA-amerikansk skodespelar
- Sam Mendes (f. 1965), britisk-sefardisk teater- og filmregissør
- Maurice Abravanel, dirigent
- Baruj Benacerraf, immunolog, nobelprisvinnar i medisin
- Judah P. Benjamin, britisk/amerikansk politikar og jurist
- Benjamin N. Cardozo, amerikansk høgsterettsdommar
- Anthony Caro, bilethoggar
- Mario Castelnuovo-Tedesco, italiensk-sefardisk komponist
- Eydie Gormé, amerikansk-sefardisk songar
- Jehudá Halleví, diktar
- Sidney Hart, britisk fagforeiningsleiar
- Otto Klemperer, dirigent (sefardisk mor & askenasisk far)
- David Levy, israelsk politikar
- Salvador Luria, nobelprisvinnar i medisin
- Daniel Mendoza, britisk boksar
- Martinus M. Rodrigues Pereira
- Neil Sedaka, songar
- Alexander von Zemlinsky, komponist (sefardisk morfar)
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Lima, Geir. «Jødespansk» (27. november 2013). Store norske leksikon.
- ↑ Arntzen, Jon Gunnar & Groth, Bente. «Sefarder» (4. juni 2013). Store norske leksikon.
- Delar av denne artikkelen byggjer på «List of Sephardic Jews» på English Wikipedia den 17. juli 2005