Sophus Henrichsen
Utsjånad
Sophus Henrichsen | |||
| |||
Fødd | 12. november 1845 Kragerø | ||
---|---|---|---|
Død | 21. desember 1928 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | fysikar, Oberlehrer | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Christiania botaniske Bytteforening |
Sophus Septimus Henrichsen (12. november 1845–1928) var ein norsk fysikar frå Kragerø.
Henrichsen tok reallærareksamen i 1871 og studerte 1878–79 fysikk i Berlin og Leipzig. 1873–1879 var han amanuensis ved det fysiske kabinettet ved universitetet i Kristiania, og frå 1890 overlærar ved Kristiania tekniske skole.
Henrichsen offentleggjorde undersøkingar over den spesifikke varmen til vatnet og over magnetisme i organiske sambindingar i Annalen der Physik und Chemie. Ei av desse avhandlingane vart løna med Gullmedaljen til kronprinsen. Dessutan studerte han omnar, teori for tørking, og skreiv fleire lærebøker.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sophus Henrichsen» frå Wikipedia på bokmål, den 8. november 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen har innhald frå den opphavsrettsfrie førsteutgåva av Illustreret norsk konversationsleksikon, 1907–1913.