Nils-Ole Foshaug
Utsjånad
Nils-Ole Foshaug | |||
| |||
Fødd | 22. november 1970 (53 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Nils-Ole Foshaug (fødd 22. november 1970) er ein norsk skulemann og politikar frå Målselv i Troms, ordførar 2015–19 i Målselv kommune. Sidan 2021 representerer han Troms og Arbeidarpartiet på Stortinget.
Foshaug er utdanna lærar. Sidan 1998 har han hatt leiiande stillingar ved ulike skular i Målselv, både ved barneskule og ungdomsskule, og som inspektør og som rektor.
Foshaug var medlem av kommunestyret i Målselv frå 2007, ordførar perioden 2015–19. Arbeidarpartiet gjekk tilbake ved kommunevalet 2019 og Foshaug lukkast ikkje behalde ordførar-ombodet. Derimot vart han vald inn i Stortinget 2021-25 som andrekandidat for Arbeidarpartiet i Troms. På Tinget er han medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen.