Nils Arctander
Nils Arctander | |||
Fødd | 28. desember 1841 København | ||
---|---|---|---|
Død | 27. oktober 1901 (59 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | lærar, politikar | ||
Alle verv |
|
Nils Peter Martin Arctander (28. desember 1841–27. oktober 1901) var ein norsk lærar og stortingsmann, fødd i København. Han voks dels opp i Kristiansand. Sofus Arctander var bror hans.
Far hans var tollar i Kristiansand. Sjølv vart han student i 1859 og cand. philol. i 1865. Han var frå 1866 klasselærar ved katedralskulen i Kristiansand, frå 1872 adjunkt i Tromsø og 1875 i same stilling i Larvik. Overlærar ved skulen i Larvik frå 1884. Sidan 1894 var han overlærar ved Christiania katedralskole.
Arctander var i si tid Tromsø medredaktør av Tromsøposten. I Larvik var han medlem av bystyret og ei tid varaordførar. Han representerte Larvik og Sandefjord på Stortinget i periodane 1883-85 og 1892-94. I den fyrste perioden var han medlem av kyrkjekomiteen og Lagtinget. Også 1892-94 hadde han sete i Lagtinget. Elles var han 1892 medlem av budsjettkomiteen og 1893-94 av kyrkjekomiteen.
Arctander døydde i Kristiania i 1901.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak (1914). «Arctander, Nils Peter Martin». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. Kristiania: Steenske bogtrykkeri. s. 38-39.
- Biografisk informasjon om Nils Arctander NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv