The New York Times
The New York Times | |||
| |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Type | Dagsavis | ||
Grunnlagd | 18. September 1851'"`uniq--ref-00000000-qinu`"' | ||
Eigarar | The New York Times Company | ||
Grunnlegger(ar) | George Jones, Henry Jarvis Raymond | ||
Utgjevar | Arthur Gregg Sulzberger[2] | ||
Redaktør(ar) | Joseph Kahn | ||
Sjefredaktør(er) | Joseph Kahn (juni 2022)[3] | ||
Språk | Engelsk | ||
Opplag | 443 000 (2019),[4] 1 122 400 (2000),[4] 1 132 000 (2003),[4] 1 103 600 (2006),[4] 648 900 (2014)[4] | ||
Hovudkvarter | The New York Times Building | ||
ISSN | 0362-4331,[5] 1553-8095, 1542-667X | ||
OCLC | 1645522 | ||
Nettstad | https://www.nytimes.com (angloamerikansk) |
The New York Times er ei amerikansk dagsavis utgjeven i byen New York og distribuert internasjonalt. Eigaren er The New York Times Company, som publiserer 15 andre aviser, mellom andre International Herald Tribune og The Boston Globe. NYT er den største bybaserte avisa i Sambandsstatane. Ho vert kalla «The Gray Lady» ('Den grå dama') for edrueleg utsjånad og stil, og vert ofte sett på som ein nasjonal newspaper of record, som tyder at ho ofte vert sett på som den offisielle og autorative referansen for nyare historie.
Avisa har vunne 95 Pulitzerprisar,[6] meir enn noko anna avis.[7]
Den noverande utgjevaren er Arthur Ochs Sulzberger Jr., eit medlem av familien som har kontrollert avisa sidan Adolph Ochs kjøpte henne i 1896.
Historie
[endre | endre wikiteksten]The New York Times var etablert 18. september 1851 av journalisten og politikaren Henry Jarvis Raymond og den tidlegare bankmannen George Jones som New-York Daily Times. Avisa bytte namnet sitt til The New York Times i 1857. Avisa vart først utgjeven kvar dag utanom søndag, men under den amerikanske borgarkrigen tok Times (i lag med fleire andre større dagsaviser) til å publisere søndagsutgåver.
The New York Times har vore involvert i historiske hendingar som påverka USA, som domsavgjerda New York Times Co. vs. Sullivan og lekkasjen, dommen og skandalen rundt The Pentagon Papers.
Namnet, som med andre publikasjonar med liknande namn, vert ofte forkorta til the Times. Mottoet "All the News That's Fit to Print" er alltid vist i det øvre venstre hjørnet på forsida.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://www.nytimes.com/2021/05/02/insider/sunday-newspapers.html.
- ↑ https://www.nytco.com/person/a-g-sulzberger/.
- ↑ https://www.washingtonpost.com/media/2022/06/14/joseph-kahn-new-york-times-twitter-democracy/.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 https://www.statista.com/statistics/273503/average-paid-weekday-circulation-of-the-new-york-times/.
- ↑ Scopus (på engelsk, japansk, kinesisk, kinesisk, og russisk), Amsterdam: Elsevier, ISSN 2588-9885, OCLC 65858721, 27750, Wikidata Q371467, henta 22. september 2023
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 20. august 2008, henta 17. mars 2008
- ↑ Pulitzer Prize on topics.nytimes.com
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- New York Times på nettet
- Den offisielle historia til NYT Arkivert 2013-10-09 ved Wayback Machine.
- Daniel Okrent, "THE PUBLIC EDITOR; Is The New York Times a Liberal Newspaper?" New York Times, 25. juli 2004
- Fit and Unfit to Print: the Wall Street Journal replies to the Times on the subject of the press's obligations in wartime