Nawa i Syria
Nawa | |||
نوى | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Daraa guvernement | ||
Distrikt | Izra-distriktet | ||
Nahiyah | Nawa | ||
Høgd | 563 moh. | ||
Koordinatar | 32°53′20″N 36°02′35″E / 32.88889°N 36.04306°E | ||
Folketal | 59 170 (2007) | ||
Nawa i Syria 32°53′00″N 36°03′00″E / 32.883333333333°N 36.05°E | |||
Kart som viser Nawa i Syria.
|
Nawa (arabisk نوى) er ein by i Syria som administrativt høyrer til Daraa guvernement. Han ligg 568 meter over havet og hadde i 2007 eit folketal på 59 170 i 2007, noko som gjer han til den 28. største byen i Syria.
I antikken høyrte byen Neve til den romerske provinsen Arabia Petraea.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Nawa er definert som byen som Job budde i og gravstaden til Sem, sonen til Noa.[2]I følgje den arabiske geografen al-Muqaddasi er byen omtalt av Georg av Kypros («Descriptio orbis romani», ed. Heinrich Gelzer, 54) på 600-talet, og Revue biblique (III, publisert 625).[1] Under det islamske kalifatet Rashidun, umayyadane, og abbasidane, var han ein del av Jund Dimashq og hovudbyen i Hauran. Al-Mas'udi skreiv i 943 at ein moske tileigna Job låg 5 km frå Nawa.[3] På 1200-talet vart byen mindre viktig og Yaqut al-Hamawi skreiv i 1225 at Nawa var «ein liten by i Hauran», tidlegare hovudstad i regionen. Han skreiv òg at grava til Job låg der.[4][5] I 1277 vart imam Yahya ibn Sharaf al-Nawawi, ein viktig muslimsk lærd, fødd i byen.[6]
I 1596 stod Nawa oppført i osmanske skattelister som Nawi og var ein del av Jaydur nahiya i Hauran qada. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av 102 hushaldningar og 43 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikubar.[7]
Kyrkjehistorie
[endre | endre wikiteksten]Bispedømet Neve (Nawa) var eit underbispedøme under Bostra, metropolittsetet Arabia Petraea. To av biskopane er kjende:
- Petronius, som deltok på konsilet i Efesos i 431;
- Jobius, som deltok på kyrkjemøtet i Kalkedon i 451.[1]
Isak, nemnt av Le Quien som ein tredje biskop, kring 540 (Oriens christiana, II, 864).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Siméon Vailhé, «Neve» in Catholic Encyclopedia (New York 1911)
- ↑ Nawa, Zeyzoun and Assanamein Arkivert 2010-12-24 ved Wayback Machine. Syria Gate.
- ↑ le Strange, 1890, p.515
- ↑ le Strange, 1890, p.427
- ↑ le Strange, 1890, p.516
- ↑ Yahya ibn Sharaf al-Nawawi (d. 676/1277)
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 207.
- Denne artikkelen bygger på «Nawa, Syria» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Germany: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- le Strange, Guy (1890), Palestina Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500, Committee of the Palestine Exploration Fund