[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Natur og Ungdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Natur og Ungdom
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer970261451
Skipa18. november 1967
HovudkontorOslo
Ideologieuroskeptisisme
Tilsette24 (2015) Sjå dette på Wikidata
Medlemmer9 000
Nettstadhttps://nu.no Sjå dette på Wikidata
Natur og Ungdom demonstrerer mot oljeboring i nord under førstemaiarrangementet i Oslo 2010.

Natur og Ungdom (NU) er Noregs einaste miljøvernfylking for ungdom. NU er ungdomsfylkinga åt Naturvernforbundet, men er sjølvstendig driven. Alle medlemene må vera under 25 år. Organisasjonen er partipolitisk uavhengig.

Natur og Ungdom oppgjev eit medlemstal på om lag 7000. Desse har danna over åtti lokallag i heile landet. Lokallaga har som oppgåve å ta opp miljøsaker der dei bur.

Viktige saker er å kjempa mot menneskeskapte klimaendringar, til dømes ved å få betre busstilbod slik at fleire kan reisa kollektivt og å hindra bygging av gasskraftverk i Noreg. Dei har òg engasjert seg mot boring etter olje i Barentshavet.

Natur og Ungdom vart stifta som ungdomsfylkinga til Norges Naturvernforbund den 18. november 1967. Det finst òg ein tilsvarande dansk organisasjon som heiter Natur og Ungdom som blei stifta i 1960.

Det var Norsk Feltbiologisk Ungdomsforening (NFU) og Oslo Katedralskoles Naturvernforeining som gjekk saman om å forma den nye organisasjonen. Bakgrunnen var at begge hadde søkt om å verta ungdomsorganisasjonen til Naturvernforbundet, men laget, som berre ynskte seg éi ungdomsfylking, bad dei om å samarbeida. Samanslåinga av ungdomslaga førte til ein del konfliktar, men òg til at kunnskap om naturen vart kopla saman med ynsket om å verna han.

Byrjinga var tung for Natur og Ungdom, som hadde få medlemer og sleit med styringa. Men etter kvart som miljøproblema vart betre kjende auka medlemstalet og nye lokallag kom til, og Natur og Ungdom vart meir synleg som kamporganisasjon for miljøet.

Natur og Ungdom var i fyrstninga mest opptekne med jordvern og sjølvberging. Vidare engasjerte dei seg sterkt i «Aksjon mot atomkraft», og på grunn av stor folkeleg motstand vart det aldri tillate med atomkraft i Noreg.

Etter kvart skulle organisasjonen verta kjend for fleire aksjonar, både lovlege og ulovlege, mot dei dei meinte var dei største miljøsyndarane. Under ein protest i 1984 mot at verksemda Titania A/S i Sokndal lovleg kunne dumpa 2,2 millionar tonn olje og steinstøv blanda med kjemikalium i Dyngadjupet utanfor Jøssingfjorden vart aksjonistar frå Greenpeace og Natur og Ungdom arresterte for å lenkja seg til lasteanlegget på fabrikken for å stansa transporten av malmen. Dette var fyrste gong medlemer av Natur og Ungdom fekk bøter for sivil ulydnad. I 1990 fekk Titania pålegg om å leggja avfallet sitt på land, slik miljøvernarane hadde kravt.

Mot slutten av 80-talet voks miljøengasjementet blant folk, særleg ungdom, og Natur og Ungdom fekk mange fleire medlemer og auka aktivitet.

Organisasjonen tok eit klart standpunkt mot norsk medlemskap i EU, og fann fram mange miljøverngrunnar for dette.

Natur og Ungdom har utført mange direkte aksjonar opp gjennom åra, men dei har òg utforska og laga meldingar om miljøproblem. Laget samarbeider gjerne med andre organisasjonar, til dømes Kollektivkampanjen i 1997, som dei utførte saman med fagforeiningane til bussjåførane.

Organisasjonen gjev ut bladet Putsj, som er framhaldet av Skog og Mark og Natur og Samfunn.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]