Norsk-pakistansk
Utsjånad
(Omdirigert frå Norsk-pakistanarar)
Norsk-pakistansk er ei nemning bruka om personar eller tilhøve i Noreg med pakistansk opphav. Om lag 26 000 nordmenn er av pakistansk opphav, og dei utgjer dermed ein av dei største etniske minoritetane i Noreg. Dei fleste familiane kom som gjestearbeidarar på 1970-talet. Norsk-pakistanske busetjingar i Noreg finst særleg i Oslo og Bergen.
I dei seinare åra har unge norsk-pakistanarar utmerkt seg som programleiarar (Zahid Ali, Noman Mubashir), nyheitsopplesarar (Mah-Rukh Ali, Noman Mubashir), komikarar (Zahid Ali, Shabana Rehman), politikarar (Khalid Mahmood, Afshan Rafiq, Saera Khan, Akhtar Chaudhry), forretningsmenn og -kvinner (Tommy Sharif, Shazad Rana) og andre (advokaten Abid Raja, artisten Deepika).