Musculus serratus anterior
Musculus serratus anterior | |
---|---|
M. serratus anterior vist i raudt. | |
Norsk namn | Den fremre sagmuskelen |
Gray's | subject #122 438 |
Utspring | Ytterflata på dei øvste 8-9 ribbeina utanom den første |
Feste | Den costale kanten av margo medialis scapulae |
Arterie | A. thoracica lateralis (øvste delen) og a. thoracodorsalis (nedste delen). |
Nerve | N. thoracicus longus |
Rørsle | Abduksjon og stabiliering av scapula, medverkar i oppoverrotasjon. |
Antagonist | M. rhomboideus major, M. rhomboideus minor, m. trapezius |
Musculus serratus anterior (frå latin: serrare - «å sage», anterior - «fremre»), på norsk òg kalla den fremre sagmuskelen[1] er ein muskel som ligg inn mot brystkassa under armhòla, axilla og rører skulderbladet scapula.
Utspring og feste
[endre | endre wikiteksten]Han spring ut frå overflata til dei øvste ni eller ti ribbeina på framsida av brystkassa. Han er feste i ribbeina i muskelbuntar som strekkjer seg fram på kvart ribbein,[2] og slik får muskelen den sagtannliknande utsjånaden som gir namnet serratus. Han festar på heile den fremre delen av den mediale skulderbladskanten, margo medialis scapulae, og når han trekkjer seg saman vil skulderbladet bli trekt ut og framover.
Innervasjon
[endre | endre wikiteksten]Muskelen får nerveforsyninga si frå n. thoracicus longus. Han kjem frå overarmsflettverket, plexus brachialis, og går ut frå ryggmergen ved C6-C8, det vil seie frå det sjette til det åttande halsryggmergssegment. Han fér heilt inferiort på muskelen før han breier seg inn i muskelen.
Ved lamming av n. thoracicus longus vil ein ikkje klare å trekkje skulderbladet inn mot baksida av brystkassa om ein skyt fram armane. Det resulterer i venging av skulderbladet, scapula alata.[3] Det kan skje etter visse kirurgiske inngrep ved at ein skadar nerven, inngrep slik som fjerning av lymfeknutar i armhòla som er vanleg ved brystkreft. Det kan òg hende om ein ber tunge sekkar over skuldrene. [4]
Fleire bilete
[endre | endre wikiteksten]-
Dissekert m. serratus anterior er vist til høgre på biletet.
-
M. serratus anterior vist i raudt.
-
Dei djupe musklane på brystkassa og overarma. M. serratus anterior kan ein sjå som den sagtanna muskelen som ligg utanpå ribbeina.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Dahl, Hans A.: Menneskets funksjonelle anatomi, Cappelen Damm AS, 2010, 3. utgåva, s. 393
- ↑ Det radiologiske fakultetet, Universitetet i Washington - 14.12.2012
- ↑ Nevro-NEL Arkivert 2013-01-19 ved Wayback Machine. Scapula alata
- ↑ Wikipedia.org - Long thoracic nerve (engelsk), 14.12.2012