Mario Party
Utsjånad
(Omdirigert frå Mario Party (serie))
Mario Party | |||
Sjanger | Selskap | ||
---|---|---|---|
Utviklar(ar) | Hudson Soft, Capcom, NDcube | ||
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Plattformer | Nintendo 64 Nintendo GameCube Game Boy Advance Wii Nintendo DS Nintendo 3DS Wii U Nintendo Switch |
Mario Party er ein serie av selskapsspel med figurar frå Mario-serien, der fleire lokale spelarar eller datastyrte figurar tevlar i eit brettspel ispedd innslag av minispel. Spela er i dag utvikla av NDcube og utgjevne av Nintendo, medan dei tidlegare spela i serien vart utvikla av Hudson Soft. Serien er kjend for sine element av selskapsleikar, inkludert uføreseieleg fleirspelarmodi som lèt opp til fire, nokre gonger åtte, menneskelege eller datastyrte figurar vere med.
Etter utviklinga av Mario Party 8 forlét fleire av utviklarane Hudson Soft for å arbeide for Nintendo-dotterselskapet NDcube, som utvikla Wii Party. Frå 2012 har NDcube teke over utviklinga av serien frå Hudson Soft.
Spel i serien
[endre | endre wikiteksten]- Mario Party (1998)
- Mario Party 2 (1999)
- Mario Party 3 (2000)
- Mario Party 4 (2002)
- Mario Party 5 (2003)
- Mario Party 6 (2004)
- Mario Party 7 (2005)
- Mario Party 8 (2007)
- Mario Party 9 (2012)
- Mario Party 10 (2015)
- Super Mario Party (2018)
- Mario Party Superstars (2021)
Andre spel
[endre | endre wikiteksten]- Mario Party Advance (2005)
- Mario Party DS (2007)
- Mario Party: Island Tour (2013)
- Mario Party: Star Rush (2016)
- Mario Party: The Top 100 (2017)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mario Party» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2020.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |