Mari Holmboe Ruge
Utsjånad
Mari Holmboe Ruge | |||
Fødd | 20. juli 1934 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | statsvitar | ||
Ektefelle | Herman Ruge |
Mari Louise Holmboe Ruge (fødd 1934) er ein norsk samfunnsforskar. Ho stod sentralt ved skipinga av Institutt for fredsforskning (PRIO) i 1959, i lag med mellom anna Johan Galtung og Ingrid Eide.
Mari Holmboe Ruge er MA i sosiologi frå Columbia University og mag.art. i statsvitskap frå Universitetet i Oslo. Ho arbeidde i mange år i administrasjonen i Noregs allmennvitskaplege forskingsråd. Ho har òg vore aktiv i fredsrørsla spesielt i Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom.
Mari Holmboe Ruge var gift med informatikaren Herman Ruge fram til han gjekk bort i 2019.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mari Holmboe Ruge» frå Wikipedia på bokmål, den 5. november 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Publikasjonar av Mari Holmboe Ruge i BIBSYS