M29 Weasel
Utsjånad
M29 Weasel er eit beltekjøretøy frå andre verdskrigen. Han vart produsert av Studebaker, og var rekna for bruk på snø.
Dei første hadde 15 tommer breie belte, medan seinare versjonar hadde 20 tommars belte (50 cm). M29C 'Water Weasel' var amfibieversjonen.
I Noreg vart Weaselen brukt i fleire militære avdelingar. Vernepliktige soldatar vart kjent med kjøretøyet og namnet, som etter kvart gjekk inn i kvardagsspråket som namn på alle slags lett- eller upansra beltekjøretøy til generelle transportføremål.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «M29 Weasel» frå Wikipedia på bokmål, den 27. desember 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: M29 Weasel