Liepāja
Liepāja | |||
---|---|---|---|
Art Nouveau i sentrum av Liepāja | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land | Latvia | ||
Først nemnd i Byrettar |
1253 1625 | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 51,33, 68,02 km² | ||
Flatevidd - By - Vatn |
60.4 km² 10,87 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2016) - folketettleik |
76 144 1 294/km² | ||
Koordinatar | 56°31′N 21°0′E / 56.517°N 21.000°E | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | LV-34(01-13); LV-3414; LV-34(16-17) | ||
Telefon-retningsnummer | 634 | ||
Heimeside: http://www.liepaja.lv | |||
Plassering | |||
Liepāja (litauisk Liepoja, polsk Lipawa, tysk Libau, russisk Лиепая (Lijepaja), Либава (Libava), Любава (Lybava)) er ein by vest i Latvia ved Austersjøen og det administrative senteret i Liepāja fylke. Det er den største byen i regionen Kurzeme og den tredje største i landet etter Riga og Daugavpils med om lag 85 000 innbyggjarar. Han er ei viktig isfri hamn.
Liepāja er kjend i Latvia som «byen der vinden er fødd», truleg på grunn av den konstante trekken inn frå havet. Omdøme som den mest vindfulle byen i Latvia har har vorte forsterka av det største vindkraftverket i Latvia (33 Enercon vindturbinar) vart bygd i nærleiken.
Liepāja fekk byvåpenet sitt fire dagar etter han fekk bystatus 22. mars 1625.[2] Byvåpenet viser løva av Kurzeme med ein delt hale som lener seg mot eit lindetre med frambeina.
Byen er ein hamneby, og har status som frihamn, med skatteletter for å oppmuntre næringslivet.
Sovjetiske styrkar hadde ein flåtebase her under Sovjetunionen.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Liepāja» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- www.portofliepaja.lv - Hamna i Liepaja
- Virtuell reise i Liepaja
- Liepaja Info - Mobile App