Ole Fossum
Utsjånad
Ole Fossum | |||
| |||
Fødd | 3. mai 1834 | ||
---|---|---|---|
Død | 19. april 1910 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Ole Nilssen Fossum (3. mai 1834–19. april 1910) var ein underoffiser, gardbrukar og stortingsmann frå Øvre Eiker. Han representerte Venstre.
Fossum var son til ein gardbrukar. Han tok sersjanteksamen og avanserte til furer, stod i militær teneste frå 1856 til -66. Frå 1858 til 1889 var han gardbrukar. Etter 1887 var han vaktmeister ved Hokksund distriktsfengsel. Elles var han fattigforstandar i Øvre Eiker i tolv år og forlikskommissær i mange år.
Fossum var 4. representant frå Buskeruds amt på Stortinget 1892-94. Han var medlem av Lagtinget, 1892-93 av justiskomiteen og 1894 av sosialkomiteen. I 1892 var han permittert frå 25. juli.
Han døydde i Drammen i 1910.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914