[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Onon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Onon
elv
Land  Russland,  Mongolia
Nedslagsfelt 94 010 km²
Lengd 818 km
Munning Sjilka
Kart
Onon
48°50′32″N 108°47′18″E / 48.8422°N 108.7883°E / 48.8422; 108.7883
Wikimedia Commons: Onon River

Onon (russisk Онон; mongolsk Онон гол – Onon gol) er ei elv i Zabajkalskij kraj i Russland og i Mongolia og ei av sideelvane til Don frå venstre. Elva er 818 km lang og har eit nedslagsfelt på 94 010 km².

Elva spring ut frå austsida av Khentijfjella. Dei øvste 298 km av elva er i Mongolia. Rundt 20 km før byen Sjilka renn Onon saman med elva Ingoda og dannar elva Sjilka.

Øvre Onon er eit av områda der vert hevda at Djenghis Khan vart fødd og voks opp.

Onon er det øvste tilløpet til Amur og elvesystemet Amur—Sjilka—Onon utgjer til saman ei av dei ti lengste elvane i verda (2874 km + 560 km + 818 km) med ei total lengd 4252 km.