[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Only God Was Above Us

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Only God Was Above Us
Studioalbum av Vampire Weekend
Utgjeve 5. april 2024
Sjanger
Lengd 47.00
Selskap Columbia
Produsent
  • Ariel Rechtshaid
  • Ezra Koenig
  • Rostam Batmanglij
  • Chris Tomson
Vampire Weekend-kronologi 
Father of the Bride
(2019)
Only God Was Above Us


Only God Was Above Us er det femte studioalbumet av den amerikanske musikkgruppa Vampire Weekend, utgjeve den 5. april 2024 av Columbia Records. Det er det tredje samarbeidsprosjektet mellom gruppa og produsenten Ariel Rechtshaid. Albumet er også det første som er spelt inn av gruppa som ein trio, beståande av Ezra Koenig på vokal, Chris Baio på bass og Chris Tomson på trommer, etter at keyboardisten Rostam Batmanglij forlét gruppa i 2016. Father of the Bride frå 2019, det første albumet som kom ut etter Batmanglij trekte seg ut, var laga og promotert av Koenig som eit soloprosjekt, medan Baio og Tomson berre var involverte på turnéane til det albumet.[1]

Singlar frå Only God Was Above Us er «Capricorn» og «Gen-X Cops» utgjevne den 16. februar 2024, etterfølgt av «Classical» og «Mary Boone» som vart utgjevne høvesvis 14. og 28. mars same året.

Nr.TittelLengd
1.«Ice Cream Piano»3.36
2.«Classical»4.19
3.«Capricorn»4.08
4.«Connect»5.07
5.«Prep-School Gangsters»3.48
6.«The Surfer»5.43
7.«Gen-X Cops»3.45
8.«Mary Boone»4.24
9.«Pravda»4.11
10.«Hope»7.59
Total lengd:47.00
  1. D'Souza, Shaad (23. mars 2024). «'When I was younger I was arrogant': Vampire Weekend's Ezra Koenig on fatherhood and growing up». The Guardian. Henta 24. mars 2024.