Jimmy Jump
Utsjånad
Jimmy Jump | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 14. mars 1976 (48 år) Sabadell |
Yrke | Eigedomsmeklar |
Språk | katalansk, spansk |
Jimmy Jump på Commons |
Jaume Marquet i Cot, kjent som Jimmy Jump (fødd 14. mars 1976 i Sabadell i Katalonia) er ein seljar frå Barcelona som har gjort det til ein livsstil å utføre spektakulære og uventa opptrinn under store arrangement. Han reknar seg sjølv som ein kunstnar.
Han vart først internasjonalt kjend for stuntet under finalen i EM i fotball 2004 mellom Portugal og Hellas, då han sprang inn på banen og kasta eit Barcelona-flagg i andletet på Real Madrid-spelaren Luis Figo, før han slengde seg inn i Hellas' mål og deretter vart ført bort av vaktene.
Andre stunt
[endre | endre wikiteksten]- Rett før finalen i VM i fotball 2010 i Sør-Afrika sprang han inn på bana mot VM-trofeet. Han hadde på seg ei T-skjorte med teksten «JimmyJump.com AGAINST RACISM» og prøvde å setje barretina på trofeet.
- Under Eurovision Song Contest 2010 i Oslo tok han seg inn på scena under Spania sitt innslag med ein raud barretina på seg.
- Han sprang på bana under finalen i French Open 2009 i tennis mellom Roger Federer og Robin Söderling og kasta eit Barcelona-flagg mot Federer.
- Under EM-semifinalen mellom Tyskland og Tyrkia i 2008 sprang han inn på bana med eit tibetansk flagg. Han hadde på seg ei T-skjorte med påskriften «Tibet er ikkje Kina».
- I mai 2007 sprang han inn på bana under mesterligafinalen i fotball mellom AC Milan og Liverpool FC medan han heldt eit gresk flagg.
- I 2007 sprang han inn på bana under Rugby World Cup-finalen mellom England og Sør-Afrika.
- I 2006 sprang han inn på bana under meisterligakampen i fotball mellom Villarreal og Arsenal, og kasta ei Barcelona-trøye på Arsenal-spelaren Thierry Henry.
- Under eit Formel 1-løp i Barcelona i 2004 sprang han inn på målstrekket då Formel 1-bilene suste forbi i 250 km/t.
- Under ein sigersseremoni ved ei tennisturnering i Barcelona sprang han fram til vinnaren Carlos Moya og gav han visittkortet sitt.
- Då fotballaget FC Barcelona spelte ein kamp, sprang han ut på bana og sette ein barretina på Barcelona-spelaren Samuel Eto'o for å ynskje han velkommen til laget.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jimmy Jump» frå Wikipedia på bokmål, den 1. juni 2010.