John Wallis
John Wallis | |||
| |||
Fødd | 23. november 1616 Ashford i Kent | ||
---|---|---|---|
Død | 28. oktober 1703 Oxford | ||
Nasjonalitet | Kongeriket England | ||
Område | matematikk | ||
Yrke | matematikar, matematikkhistorikar, filosof, musikkforskar, musikkteoretikar, cryptologist, universitetslærar, arkivar | ||
Institusjonar | University of Oxford Queens' College | ||
Alma mater | Emmanuel College Felsted School University of Cambridge Tenterden Infant School | ||
Barn | Anne Blencowe, John Wallis | ||
Medlem | Royal Society |
John Wallis (23. november 1616–28. oktober 1703) var ein engelsk matematikar og teolog. Han var ein av grunnleggarane av the Royal Society.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Wallis var professor i matematikk i Oxford frå 1649 og seinare hoffprest hos Karl II av England. Dei matematiske arbeida hans medverka til å skape grunnlaget for differensialrekninga. I hans Arithmetica infinitorum frå 1655, studerer han uendelege rekkjer og gjev her sitt kjende uttrykk for talet π som eit uendeleg produkt. Av dei andre matematiske arbeida hans finn ein Mathesis universalis frå 1657 og Treatise on Algebra frå 1685, der han utvida det algebraiske teiknspråket, innførte negative eksponentar og introduserte det særskilte teiknet ∞ for uendeleg.[1]
Asteoriden 31982 Johnwallis er kalla opp etter han.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «John Wallis» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 25. august 2023.
- «John Wallis» (30. november 2011) i Store norske leksikon.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «John Wallis - the latest in our series of Oxford Mathematicians» (på engelsk). Mathematical Institute.
- «JOHN WALLIS (1616 - 1703)» (på engelsk). Emmanuel college.