[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Johan Halvorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Halvorsen

Fødd15. mars 1864
FødestadDrammen kommune
Død4. desember 1935 (71 år)
DødsstadOslo
FødenamnJohan August Halvorsen
OpphavNoreg
Sjangersymfoni
Instrumentfiolin
Verka somdirigent, komponist, konsertmester
MorJohanne Hansdatter
FarBernt Halvor Halvorsen
BornStein Grieg Halvorsen
Prisarkommandør av Dannebrogordenen, Kommandør av St. Olavs Orden

Johan Halvorsen (15. mars 18644. desember 1935) var ein norsk komponist og dirigent.

Halvorsen var fødd i Drammen, og i 1883 reiste han til Stockholm for å studera musikk. Han studerte vidare i Leipzig, Aberdeen (1897) og Helsingfors (1890) før han kom til Bergen i 1893, og i 1899 slo han seg ned i Oslo.

På initiativ frå Edvard Grieg reiste Halvorsen ut til Telemark for å samle slåttar, og skreiv ned ei rad numre etter spelemannen Knut Dale kring 1901. Fleire av slåttane vart sidan nytta av Edvard Grieg. Halvorsen skaffa seg og ei hardingfele frå felemakaren Olav G. Helland i Bø.

I dag vert Halvorsen hugsa best for komposisjonane «Bojarenes inntogsmarsj» og «Bergensiana», for ikkje å snakke om musikken til teaterstykket Reisen til Julestjernen, og Fossegrimen. Det siste verket syner at Halvorsen sette seg noko inn i norsk slåttetradisjon.

Spire Denne musikkartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.