Joey Spampinato
Joey Spampinato | |||
| |||
Fødd | 16. august 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | The Bronx i New York i USA | ||
Fødenamn | Joseph Nicholas Spampinato | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1967 | ||
Sjanger | Rock, powerpop, jazzrock, rockabilly, garasjerock, alternativ country | ||
Instrument | Vokal bassgitar | ||
Tilknytte artistar | NRBQ, The Seven of Us, The Spampinato Brothers, The Rip-It-Ups, Keith Richards, Chuck Berry, Eric Clapton, Skeeter Davis, Kami Lyle | ||
Plateselskap | Revolvo Records | ||
Verka som | Songar-låtskrivar |
Joseph Nicholas «Joey» Spampinato (fødd 16. august 1948) er ein multi-instrumentalist og grunnleggande medlem og bassist i NRBQ. Han var òg ein av dei fremste songarane og låtskrivarane i gruppa. Før NRBQ spelte han i fleire band, som The Seven of Us, som medan dei var i Miami i 1967 møtte eit anna band, The Mersey-Beats USA.[1] Desse banda slo seg saman og skipa NRBQ. På dei to første albuma deira, NRBQ (Columbia, 1969) og Boppin' the Blues (med Carl Perkins, Columbia, 1970) er Spampinato berre omtalt som «Jody St. Nicholas.»[2]
Spampinato, som var kjend for å få ein akustisk, kontrabass-aktig lyd ut av bassgitaren sin, spelte bass for mange andre artistar, som Keith Richards på Talk Is Cheap, Bonnie Raitt på Fundamental, og var ein av bassistane på Eric Clapton sitt 24 Nights i 1991. Songane hans er blitt spelt inn av Bonnie Raitt, Shakin' Stevens, Los Lobos, Dave Edmunds og andre.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Joey Spampinato» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Demming, Mark. «NRBQ». AllMusic. Rythmn One Group. Henta 3. juni 2019.
- ↑ Boehm, Mike (24. mai 1994). «You Can't Call Him Al : That's Because He's Johnny Spampinato, Who's Taking the Big Guy's Place in NRBQ». Los Angeles Times (på engelsk). Tronc. Henta 3. oktober 2020.
- ↑ Goodman, Frank (December 2000). «Interview with Joey Spampinato». Pure Music (på engelsk). puremusic.com. Henta 3. oktober 2020.