Jocelyn Pook
Jocelyn Pook | |||
Fødd | 14. februar 1960 (64 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Birmingham, England | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | bratsj | ||
Plateselskap | Virgin Records | ||
Verka som | Komponist, pianist, bratsjist | ||
Prisar | Laurence Olivier Award |
Jocelyn Pook (fødd 14. februar 1960) er ein engelsk komponist, pianist og bratsjist.[1]
Pook var med på verdsturneen til ABC i 1980-åra og spelte i Julian Temple/ABC-filmen Mantrap, og har sidan spelt med artistar som Massive Attack, PJ Harvey, Peter Gabriel og i tre år som medlem av The Communards. Ho har òg vore musikar og skodespelar ved dei eksperimentelle teaterselskapa Impact Theatre Co-operative og Lumiere & Son, i tillegg til fleire produksjonar ved The National Theatre.
Pook har òg gjeve ut fleire soloalbum som plateartist, mellom anna Deluge (Virgin Records 1997), Flood (Virgin Records 1999) og Untold Things (RealWorld Records 2001 - 2013).
Som filmkomponist har ho skrive musikk for Stanley Kubrick-filmen Eyes Wide Shut, som ho vann ein Chicago Film Award for og vart nominert til ein Golden Globe.[2] Andre filmar ho har skrive musikk for er mellom andre Michael Radford-filmen The Merchant of Venice med Al Pacino[3], Brick Lane, Heidi, Time Out (L’Emploi Du Temps), Julio Medem-filmen Caótica Ana og Room in Rome, og eit stykke for Gangs of New York av Martin Scorsese.
Pook vart nominert til ein BAFTA for musikken hennar for Channel 4-serien The Government Inspector[4] og i april 2018 vann ho ein BAFTA for TV-filmversjonen av King Charles III (regissør: Rupert Gould).[5] Ho skreiv musikken til Netflix-dokumentaren The Staircase.[6]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Studioalbum
[endre | endre wikiteksten]- 1997 – Deluge
- 1999 – Flood
- 2001 – Untold Things
Singlar
[endre | endre wikiteksten]- 1997 – «Blow The Wind» – Virgin Records
- 2003 – «Sacrum» (12") – Additive
Albums med ensemble
[endre | endre wikiteksten]- 1997 – Meeting Electra – Electra Strings & Paul Clarvis (med Sonia Slany) – Village Life 97121 VL
Teater og dans
[endre | endre wikiteksten]- 2018 – Memorial – For Chris Drummond, regissøren av 'Memorial'
- 2017 - Adam- For National Theatre of Scotland
- 2016 - Macbeth - For Shakespeare's Globe Theatre
- 2014 - King Charles III- For Almeida Theatre
- 2014 - Dust- For English National Ballet (koreografert av Akram Khan)
- 2013 - Itmoi - For gruppa til Akram Khan
- 2013 - Bench - For MODERNE MEISJES
- 2011 – Desh – For gruppa til Akram Khan
- 2006 - King John - For the Royal Shakespeare Company
Musikk for film og TV)
[endre | endre wikiteksten]- 1994-6 – Blight – 14-minuttar kortfilm av John Smith
- 1999 – Eyes Wide Shut – regissert av Stanley Kubrick
- 2000 – My Khmer Heart (Breaking Hearts)
- 2000 – The Sight – regissert av Paul Anderson
- 2000 – Enron-reklame, «Ode to Why Campaign»
- 2000 – Comment j'ai tué mon père (How I Killed My Father)
- 2001 – In a Land of Plenty – 10 episodar BBC-drama produsert av Sterling Pictures og Talkback
- 2001 – Stanley Kubrick: A Life in Pictures – dokumentar, regissør Jan Harlan
- 2001 – L'Emploi Du Temps (Time Out)
- 2002 – Addicted to the Stars
- 2002 – La Repentie (The Repentant)
- 2002 – La Guerre à Paris (The War in Paris)
- 2002 – Gangs of New York – regissert av Martin Scorsese
- 2004 – The Merchant of Venice
- 2004 – Wild Side
- 2004 – Soupçons (The Staircase)
- 2004 – They Came Back
- 2005 – The Government Inspector
- 2005–2006 – Heidi
- 2007 – Brick Lane
- 2007 – Remnants of Everest: The 1996 Tragedy (US: Storm over Everest)
- 2009 – The People v. Leo Frank
- 2009 – Chaotic Ana
- 2009 – Going South
- 2010 – Room in Rome
- 2011 – Room 304
- 2012 – Augustine
- 2012 – Les Invisibles
- 2017 – King Charles III
- 2017 – The Wife
- 2019 – The Kingmaker
Ymse samarbeid
[endre | endre wikiteksten]- 1993 – Plus from US – Ymse artistar – Real World Records
- 1993 – Way Down Buffalo Hell – Jam Nation – («Sleeping, She Moved Through The Fair») – Real World Records
- 1996 – A Night in London – Mark Knopfler – Mercury Records
- 1997 – Friday the Thirteenth – The Stranglers – («Waltz in Black», «Valley of the Birds», «Daddy's Riding the Range», «Golden Brown», «No More Heroes»)
- 1999 – Liquid Sunshine – Keziah Jones – («Hello Heavenly», «Runaway», «Teardrops Will Fall») – Delabel
- 2000 – OVO (Musikk for Millennium Dome Show av Cirque du Soleil) – Peter Gabriel – («Low Light», «The Time of the Turning», «The Weaver's Reel», «Downside Up», «The Nest that Sailed the Sky») – Real World Records
- 2003 – Something Dangerous – Natacha Atlas – («Adam's Lullaby») – Mantra Records
- 2008 – Ana Hina – Natacha Atlas – World Village[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jocelyn Pook» frå Wikipedia på engelsk, den 27. august 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Untold Things». Realworldrecords.com. Henta 27. august 2020.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 1. august 2019, henta 27. august 2020
- ↑ «Entertainment | Terfel leads Classical Brits nods». BBC News. 19. april 2005. Henta 27. august 2020.
- ↑ «2006 Television Craft Original Television Music sponsored by Sebastian McLean International | BAFTA Awards». Awards.bafta.org. Henta 27. august 2020.
- ↑ «Original Music - JOCELYN POOK, King Charles III». Bafta.org. 18. februar 2018. Henta 27. august 2020.
- ↑ «Jocelyn Pook scores 'The Staircase' (Netflix) - Cool Music». Coolmusicltd.com. Arkivert frå originalen 25. september 2019. Henta 27. august 2020.
- ↑ «Jocelyn Pook». Songlines. April–May 2013. s. 10.