[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Ionøya

Koordinatar: 56°26′N 143°41′E / 56.433°N 143.683°E / 56.433; 143.683
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ionøya
øy
Land  Russland
Areal 1,36 km²
Folketal 0
Kart
Ionøya
56°24′00″N 143°23′00″E / 56.4°N 143.38333333333°E / 56.4; 143.38333333333
Wikimedia Commons: Iony Island
Plasseringa av Ionøya

Ionøya (russisk Остров Ионы, ostrov Iony), tidlegare Ostrov Svyatovy Iony eller St. Jonas-øya, er ei lita øy i Okhotskhavet i Khabarovsk kraj i Russland. Ho er 1,6 km lang og 850 meter brei og er forma som ei kjegle.

Ionøya er den einaste øya i Okhotskhavet som ligg i ope hav. Alle dei andre øyane i dette havet ligg anten ved kysten eller høyrer til øygruppa Kurilane.

Den fjernliggande og isolerte Ionøya er yngleplass for stellers sjøløve.[1]

56°26′N 143°41′E / 56.433°N 143.683°E / 56.433; 143.683