I Robot av Alan Parsons Project
I Robot Studioalbum av The Alan Parsons Project | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. juni 1977 | |
Innspelt | Desember 1976 til mars 1977 | |
Studio | Abbey Road i, London | |
Sjanger | ||
Lengd | 41:05 | |
Selskap | Arista | |
Produsent | Alan Parsons | |
The Alan Parsons Project-kronologi | ||
---|---|---|
Tales of Mystery and Imagination (1976) |
I Robot | Pyramid (1978)
|
Singlar frå I Robot | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Christgau's Record Guide | C[3] |
I Robot er det andre studioalbumet til det britiske rockebandet The Alan Parsons Project, gjeve ut 1. juni 1977 på Arista Records. Albumet er basert på science fiction-trilogien Robot av Isaac Asimov, og utforskar filosofiske tema i samband med kunstig intelligens.[2] Det kom ut på ny på vinyl og kassett i 1984 og på CD i 2007.
Bakgrunn og konsept
[endre | endre wikiteksten]Albumet var meint å vere basert på I, Robot av Asimov, og Eric Woolfson snakka med Asimov sjølv, som ikkje var veldig begeistra for ideen. Han hadde alt gjeve rettane til eit TV/film-selskap, så albumtittelen vart endra noko ved å fjerna kommaet etter «I,», og temaet og tekstane vart gjort noko meir generelle om robotar og ikkje spesifikt til Asimov-universet.[4][5] I plateomslaget står det: «I Robot... Soga om framgangen til maskinen og nedgangen til mennesket, som paradoksalt nok skjedde då hjulet vart oppdaga... og ei åtvaring om at den korte tida han har dominert denne planeten truleg vil ta slutt, fordi mennesket prøvde å skape roboten i sitt bilete.» Tittelen på det siste sporet, «Genesis Ch.1 v.32», følgde dette temaet ved å indikere at eit framhald av skapingssoga, sidan det første kapittelet i 1. mosebok (Genesis på engelsk) berre har 31 vers.[6]
Plateomslag
[endre | endre wikiteksten]Bilete på omslaget syner assistentane til Storm Thorgerson i rulletrapper i den sirkelforma Terminal 1-bygningen på Charles de Gaulle lufthamn utafor Paris.[7] Eit måleri av ein robot med eit atom til hjerne er måla over dette biletet. Roboten går òg att på etiketten på plata.
Singlar
[endre | endre wikiteksten]Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet: «I Wouldn't Want to Be Like You», «Don't Let it Show» og «Day After Day (The Show Must Go On)». Albumsporet «Breakdown» vart mykje spelt på AOR-stasjonar radio.
Nyutgjevingar
[endre | endre wikiteksten]I Robot er blitt gjeve ut på ny fleire gonger i forskjellige format sidan det først kom ut på vinyl. Mobile Fidelity Sound Lab (MFSL) gav ut albumet på vanleg vinyl, UHQR- vinyl og på CD. Classic Records har gjeve ut på albumet i analog form på 180-grams vinyl, i tillegg til digitalt på DVD-Audio. JVC gav ut albumet om ei K2-utgåve med Ammonia Avenue og Eye in the Sky. I 2007 gav Sony plata ut på ny med bonusspor.
I 2013 gav Legacy Recordings ut albumet som ei «legacy-utgåve» på CD med ei ekstra plate med bonusspor, mastera av Dave Donelly.
I popkulturen
[endre | endre wikiteksten]- «Don't Let It Show» vart spelt av Pat Benatar på albumet hennar In the Heat of the Night LP.[8][9] Gail Godwin skildra denne som «langt meir sentimental enn den vanlege Alan Parsons».[10]
- «Some Other Time» vart spelt av Arjen Anthony Lucassen på albumet Lost in the New Real i 2012.
- «I Wouldn't Want to Be Like You» er med i videospelet Grand Theft Auto V frå 2013 på den fiktive radiostasjonen «Los Santos Rock Radio». Songen vart òg nytta i sesong 1, episode 9 av Netflix-serien Mindhunter.
- «Genesis Ch. 1 V. 32» vart spelt i sesong 1, episode 6 av serien Homecoming.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songane er skrivne og komponerte av Alan Parsons og Eric Woolfson, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I Robot» | The English Chorale | 6:02 |
2. | «I Wouldn't Want to Be Like You» | Lenny Zakatek | 3:22 |
3. | «Some Other Time» | Peter Straker & Jaki Whitren | 4:06 |
4. | «Breakdown» | Allan Clarke | 3:50 |
5. | «Don't Let It Show» | Dave Townsend | 4:24 |
Total lengd: | 21:44 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Voice» | Steve Harley | 5:24 |
2. | «Nucleus» | None | 3:31 |
3. | «Day After Day (The Show Must Go On)» | Jack Harris | 3:49 |
4. | «Total Eclipse» (Andrew Powell) | The English Chorale | 3:09 |
5. | «Genesis Ch. 1 V. 32» | The New Philharmonia Chorus | 3:28 |
Total lengd: | 19:21 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Boules» (I Robot-eksperiment) | 1:59 |
12. | «Breakdown» (tidleg demo av riff) | 2:09 |
13. | «I Wouldn't Want to Be Like You» (grov miks av bakgrunnsspor) | 3:28 |
14. | «Day After Day» (grov miks av tidleg utgåve) | 3:40 |
15. | «The Naked Robot» | 10:19 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «U.S Radio Commercial for I Robot» | 1:01 |
12. | «I Robot» (Boules-eksperiment) | 1:59 |
13. | «I Robot» (Hilary Western Vocal Rehearsal) | 1:33 |
14. | «Extract 1 from The Alan Parsons Project Audio Guide» | 1:04 |
15. | «Extract 2 from The Alan Parsons Project Audio Guide» | 0:57 |
16. | «I Wouldn't Want to Be Like You» (grov miks av bakgrunnsspor) | 3:28 |
17. | «Some Other Time» (komplett vokal av Jaki Whitren) | 3:43 |
18. | «Breakdown» (tidleg demo av riff) | 2:09 |
19. | «Extract 3 from The Alan Parsons Project Audio Guide» | 0:31 |
20. | «Breakdown - The Choir» | 1:51 |
21. | «Don't let it Show» (Eric Woolfson-demo) | 3:26 |
22. | «Day After Day» | 3:40 |
23. | «Genesis Ch. 1 V. 32» (koropptak) | 2:18 |
24. | «The Naked Robot» | 10:19 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- David Paton – bass, akustisk gitar, korvokal
- Stuart Tosh – trommer, perkusjon, korvokal
- Ian Bairnson – elektrisk og akustisk gitar, korvokal
- Eric Woolfson - klaverinstrument, vocoder, korvokal
- Alan Parsons - klaverinstrument, vocoder, korvokal, akustisk gitar
- Duncan Mackay – klaverinstrument
- B.J. Cole – steelgitar
- John Leach – cimbalom, kantele
- Lenny Zakatek, Allan Clarke, Steve Harley, Jack Harris, Peter Straker, Jaki Whitren, Dave Townsend, the English Chorale, the New Philharmonia Chorus – vokal
- Hilary Western - korvokal
- Smokey Parsons - korvokal
- Tony Rivers, John Perry og Stu Calver - korvokal på «Some Other Time»
- Teknisk
- Alan Parsons - produsent og lydteknikar
- Eric Woolfson - leiande produsent
- Andrew Powell - arrangement av orkester og kor, dirigent
Salslister
[endre | endre wikiteksten]År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1977 | Billboard 200 | 9 |
UK Albums Chart | 30 | |
Canada | 11 | |
Den spanske albumlista | 2 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Canada (Music Canada)[13] | 2× Platina | 200 000^ |
Tyskland (BVMI)[14] | Gull | 250 000^ |
Spania(PROMUSICAE)[15] | Gull | 50 000^ |
Storbritannia (BPI)[16] | Sølv | 60 000^ |
USA (RIAA)[17] | Platina | 1 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «I Robot (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Houle, Zachary (3. desember 2013). «The Alan Parsons Project: I Robot (Legacy Edition)». PopMatters. Henta 28. mars 2020.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Erlewine, Stephen Thomas. «I Robot – The Alan Parsons Project». AllMusic. Henta 28. mars 2020.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: P». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 10. mars 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ «Official Website». 13. mars 2014.
- ↑ «I Robot 1977, Alan Parsons Project 2nd Album, Alan Parsons & Eric Woolfson». The-alan-parsons-project.com. Arkivert frå originalen 16. september 2012. Henta 28. mars 2020.
- ↑ «Interview: Alan Parsons: The Artist and Scientist of Sound Recording». BlogSpot. 24. april 2010. Henta 28. mars 2020.
- ↑ Eric Woolfson interview - I Robot album sleeve
- ↑ «Benatar's music creates yearning for life on edge». Deseret News. 25. mai 2006. Henta 29. april 2009. «Songs such as the title track, «If You Think You Know How to Love Me,» «We Live for Love,» «Heartbreaker,» «So Sincere,» a remake of Alan Parsons' «Don't Let It Show» ...»
- ↑ «Pat Benatar». Billboard. 1979. Henta 29. april 2009. ««Don't Let It Show» is an Alan Parsons song and this tune perhaps ...»
- ↑ A mother and two daughters. 1982. s. 292.
- ↑ «I Robot 1977, Alan Parsons Project 2nd Album, Alan Parsons & Eric Woolfson». The-alan-parsons-project.com. Arkivert frå originalen 16. september 2012. Henta 28. august 2012.
- ↑ «I Robot (Legacy Edition) by the Alan Parsons Project on Amazon Music - Amazon.com». amazon.com. Henta 27. oktober 2018.
- ↑ «Canadian album salstrofé – Alan Parsons Project – I Robot». Music Canada.
- ↑ «Gold-/Platin-Datenbank (Alan Parsons Project; 'I Robot')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie.
- ↑ Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ «British album salstrofé – Alan Parsons Project – I Robot». British Phonographic Industry. Enter I Robot in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – Alan Parsons Project – I Robot». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH