Huayna Cápac
Huayna Cápac | |
Statsborgarskap | Inkariket |
Fødd | 1464 Tumebamba |
Død | |
Yrke | høvding |
Språk | quechuaspråk |
Far | Topa Inka |
Mor | Mama Ocllo Coya |
Ektefelle | Añas Colque, Rahua Ocllo, Paccha Duchicela, Coya Cusirimay |
Huayna Cápac på Commons |
Huayna Cápac , (quechua Wayna Qhapaq, ˈwaina ˈqʰapax, ´ung herskar´), ca. 1476–1525,[1] var den ellevte inkaen og eineherskar i inkariket.
Som far sin, Túpac Yupanqui, utmerka Huayna Cápac seg som ein militær strateg, marsjerte nordover gjennom Andesfjella og utvida grensa nord for ekvator ved å legge under seg kongeriket Quito. Huayna Cápac hadde talrike friller som gav mange etterkommarar. Ein av sønene var Huáscar som han fekk med den lovrette ektefellen. Manco Cápac II var ein annan lovleg arving, men sjølv tykte han best om var Atahualpa, son av den siste scyri av Quito. Dei siste åra av livet sitt heldt Huayna Cápac til i Quitoprovinsen, sytte for oppsedinga av Atahualpa og tok kan med på militære oppdrag.
Etter at Huayna Cápac døydde vart hjartet hans heldt tilbake i Quito medan den balsamerte kroppen, som vanen var for alle inkaer, vart ført til Coricancha i Cuzco for å slutte seg til sine forfedrar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]William H. Prescott ,History of the Conquest of Peru – World Wide School Library Arkivert 2015-12-23 ved Wayback Machine.
- Referansar
- ↑ Hemming, John: The Conquest of the Incas, Macmillan (1970),
side 30: «His army and court were struck by a violent epedemic that killed Huayna Cápac,…, at some time between 1525 and 1527.»