[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Herpes simplex

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Herpes)
For viruset som fører til herpes simplex, sjå Herpes simplexvirus. For alle typar av herpesvirus, sjå Herpesvirus.
Herpes labialis (forkjølingssår) i underleppa. Legg merke til dei gruppevise blemmene.

Herpes simplex (av gresk ἕρπης herpēs, «krypande» eller «latent»), ofte berre kalla herpes, er ein virussjukdom som skuldast herpes simplexvirus.[1] Infeksjonane blir kategorisert etter kva for kroppsområde dei råkar. Herpes labialis råkar andletet eller munnen, og kan føre til små blemmer kjend som forkjølingssår eller munnsår, og i mildare høve sår hals.[2][3] Herpes genitalis, ofte berre kjend som herpes, kan føre til milde symptom eller forme blemmer som sprekk og dannar små sår kjend som ulcus. Desse plar å lækjast innan to til fire veker. Kriblande eller skytande smerte kan oppstå i forkant av blemmene. Herpes varierer mellom periodar med aktiv sjukdom og periodar utan symptom. Den fyrste episoden plar å vere kraftigast og er ofte følgd av feber, muskelsmerte, svolne lymfeknutar og hovudverk. Aktive sjukdomsperiodar minskar med tid, både i frekvens og alvorlegheitsgrad.[1] Døme på andre lidingar som skuldast herpes simplex-infeksjon er herpetisk verkefinger,[4] herpes i auga,[5] herpesinfeksjon i hjernen[6] og medfødd herpesvirusinfeksjon.[7]

Det finst to typar herpes simplexvirus: type 1 (HSV-1) og type 2 (HSV-2).[1] HSV-1 plar å føre til infeksjon i andlet, lepper og munn, medan HSV-2 plar å føre til infeksjon i kjønnsorgan.[2] Virusa smittar ved direkte kontakt med kroppsvæsker eller lesjonar hjå infiserte personar. Smitteoverføring kan skje også når personen er symptomlaus. Genital herpes er klassifisert som ein seksuelt overførbar sjukdom. Viruset kan overførast til spedbarn ved barnefødsel.[1] Etter infeksjon blir virusa transportert langs sensoriske nerveceller til cellekroppen i nervecellene, der dei oppheld seg resten av livet.[2] Vanlege årsaker til nye utbrot er nedsett immunfunksjon, stress og eksponering for sollys.[8][2] Oral og genital herpes simplex-infeksjon blir vanlegvis diagnostisert på grunnlag av symptoma.[2] Diagnosen kan stadfestast med viruskultur eller ved å sjå etter herpes-DNA i væska frå blemmene. Blodprøvar for å sjå etter antistoff mot viruset kan bidra til å stadfeste tidlegare infeksjonar, men vil svare negativt på nye infeksjonar.

Den mest effektive måten å hindre infeksjon i kjønnsorgan er ved å unngå vaginalt, oralt og analt samkvem. Kondombruk minskar risikoen til ei viss grad. Dagleg antiviral behandling hjå den smitta personen kan bidra til å minske smitte. Det finst inga vaksine mot herpes simplexvirus. Det finst heller ingen kur når ein først har pådrege seg infeksjonen. Paracetamol og topisk lidokain kan bidra til å lindre symptoma.[2] Behandling med antivirale lækjemiddel som aciklovir eller valaciklovir kan minske alvorlegheitsgrada av dei symptomatiske episodane.[1][2]

Verdsfemnande førekomst av HSV-1 eller HSV-2 ligg mellom 60 % og 95 % hjå vaksne.[9] HSV-1 blir vanlegvis tileigna i barndomen.[1] Førekomsten av begge plar å auka med alderen.[9] HSV-1 råkar mellom 70 og 80 % menneske i populasjonar med dårleg sosioøkonomisk status, og mellom 40 og 60 % i populasjonar med høgare sosioøkonomisk status.[9] Om lag 536 millionar menneske, eller 16 % av verdsborgarane, var smitta med HSV-2 i 2003, og førekomsten var høgast blant kvinner og folk i utviklingsland.[10] Mange av dei som er smitta med HSV-2 er uvetande om at dei har infeksjonen.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Genital Herpes - CDC Fact Sheet». cdc.gov. 8. desember 2014. Henta 31. desember 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Balasubramaniam, R; Kuperstein, AS; Stoopler, ET (April 2014). «Update on oral herpes virus infections.». Dental clinics of North America 58 (2): 265–80. 
  3. Mosby (2013). Mosby's Medical Dictionary (9 utg.). Elsevier Health Sciences. s. 836–837. ISBN 9780323112581. 
  4. Wu, IB; Schwartz, RA (Mars 2007). «Herpetic whitlow.». Cutis 79 (3): 193–6. 
  5. Rowe, AM; St Leger, AJ; Jeon, S; Dhaliwal, DK; Knickelbein, JE; Hendricks, RL (Januar 2013). «Herpes keratitis.». Progress in retinal and eye research 32: 88–101. 
  6. Steiner, I; Benninger, F (Desember 2013). «Update on herpes virus infections of the nervous system.». Current neurology and neuroscience reports 13 (12): 414. 
  7. Stephenson-Famy, A; Gardella, C (Desember 2014). «Herpes Simplex Virus Infection During Pregnancy.». Obstetrics and gynecology clinics of North America 41 (4): 601–614. 
  8. Elad S; Zadik Y; Hewson I; et al. (August 2010). «A systematic review of viral infections associated with oral involvement in cancer patients: a spotlight on Herpesviridea». Support Care Cancer 18 (8): 993–1006. Arkivert frå originalen 15. september 2019. Henta 18. mars 2015. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Chayavichitsilp P, Buckwalter JV, Krakowski AC, Friedlander SF (April 2009). «Herpes simplex». Pediatr Rev 30 (4): 119–29; quiz 130. 
  10. Looker, KJ; Garnett, GP; Schmid, GP (Oktober 2008). «An estimate of the global prevalence and incidence of herpes simplex virus type 2 infection.». Bulletin of the World Health Organization 86 (10): 805–12, A. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]